Inga personalsak mot Simon Malkenes

KAN SNAKKE: Når saka no er lagt bort, kan lektor Simon Malkenes igjen snakke fritt om temaet fritt skuleval og dei ulempene det fører med seg.

KAN SNAKKE: Når saka no er lagt bort, kan lektor Simon Malkenes igjen snakke fritt om temaet fritt skuleval og dei ulempene det fører med seg.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Skuleleiinga ved Ulsrud vidaregåande skule i Oslo kjem ikkje til å opprette personalsak mot lærar Simon Malkenes, etter utsegner han kom med til NRK om problema rundt fritt skuleval.

DEL

Ifølgje Utdanningsnytt ser ikkje skuleleiinga at det er noko grunn til å opprette  personalsak mot han. Skulen har no granska saka i over éin månad.

Kven skreiv klagen?

I mars beskreiv Malkenes ein typisk skuletime i Dagsnytt 18. Han brukte ikkje elevane sine namn, men kun bokstavar. Han blei deretter skulda for å ha krenka elevane sine i debatten om fritt skuleval i eit debattinnlegg i Aftenposten. Innlegget skal ha blitt skrive av elevar som følte seg krenkte, men i ettertid har det blitt sådd tvil om innlegget var ekte, sidan dokumentet blei oppretta på datamaskina til ein avdelingsleiar på skulen.

Simon Malkenes risikerer å misse jobben 

Kan snakke fritt igjen

Når saka no er avslutta, betyr det at Malkenes er løyst fra teieplikta. Han kjem til å kommentere saka i løpet av onsdag, etter undervisningsslutt, skriv Utdanningsnytt.

Debatten i etterkant har også dreia seg om lærarar sin ytringsfridom. Skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) skal innkalle til eit møte om ytringskulturen i Osloskulen. I tillegg skal det arrangerast ei høyring i Oslo kommune på initiativ frå Eivor Evenrud (Raudt).

(©NTB)

Artikkeltags