Kven får siste ord på Guleslettene?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Innsendt Olje- og energidepartementet (OED) har i praksis kontroll med norsk naturforvaltning gjennom sitt eigarskap til energilova, og dermed utbygging av industrianlegg for vind- og vasskraft. I utgangspunktet skal det takast omsyn til natur, dyreliv, kulturminne, friluftsliv, drikkevatn, lokalbefolkning og anna ved etablering av vindkraft. Men historia om konsesjonshandsaminga for vindkraft på Guleslettene og andre stadar fortel noko anna.

I 2007 byrja Zephyr AS å jobbe for å sikre seg ei avtale med grunneigarane på Guleslettene. I 2010 vart det sett ut vindmålarar, og etter tre år med vindmålingar sende Zephyr inn konsesjonssøknad for vindkraft på Guleslettene. I søknaden var vindturbinar og vegar teikna inn i fjella og det vart laga visualiseringar og støysonekart. I vindkraftelanlegget i søknaden var få turbinar synlege frå Florø. Dei fleste skulle stå i Bremanger kommune som var positive til fjellindustrien. Men i den same søknaden var det vist til at dei sterkaste og mest stabile vindane var frå sør.

Då er det påfallande at Zephyr i søknaden plasserte tyngda av turbinane på nordsida av Guleslettene, i Bremanger, og i le for sønnavinden. Den reelle utbyggingsplanen vart gjort kjend for Flora kommune før jul. Florø er ikkje lenger skjerma, og natur og friluftsliv er taparane. Zephyr ynskjer å starte sprenginga og vegbygginga i fjella om ein knapp månad.

Etter mange år med bagatellisering og utsegner om at eit vindkraftanlegg ikkje utgjer ei fare for drikkevatn, måtte Zephyr til slutt kjøpe seg ei risikoanalyse for drikkevasskjeldene kring Guleslettene. Ei slik analyse var nemleg kome med som eit krav i konsesjonen frå NVE etter iherdig innsats av ei lokal eldsjel i Flora.
 

Analysen var klar hausten 2017. Industrianlegget vil føre til omfattande graving og sprenging som vil gje stor avrenning av lausmassar. Nær 2000 trailerlass med utstyr skal opp i fjella. Med trailerane kjem mellom anna om lag 50 tonn girolje og ei rekke andre kjemikaliar.

Konklusjonane i analysen var at bygginga av industrianlegget ville gjere fleire drikkevasskjelder utrygge, og i Sørgulen vart det tilrådd å lage ei ny drikkevasskjelde grunna ureining. Men konsulentfirmaet understreka at sidan dei skreiv rapporten frå eit kontor i Oslo og aldri har vært på Guleslettene, så må det takast vesentlege atterhald om deira analyser. Hadde dei spurt nokon som nyttar området så kunne dei blitt fortalt at fjella på Guleslettene inneheld store og små sprekker og mange steinurer.
 

Girolje i grunnen ved havari vil ikkje kunne samlast opp, og det er uvisst på kva side av nedbørsfeltgrensene olje og andre kjemikaliar vil ende opp. Brann i turbinane vil også gje svært giftig oske, og difor er det så viktig og så rett av Flora kommune å be om utvida buffersoner mot drikkevasskjeldene sine slik plan- og samfunnsutvalet i kommunen har stilt krav om. Mattilsynet ynskjer også betre vern av drikkevasskjeldene i Flora enn det Zephyr legg opp til.

Naturvernforbundet bad i konsesjonshøyringa om restriksjonar på turbinplasseringar innanfor grensene for vindkraftanlegget, mellom anna for å redusere drap på fugl og sikre friluftsliv og vassdrag. NVE har i sitt svar på dette skrive i vedtaksbrevet for konsesjonen, s9: «Vi viser i den forbindelse til marginal lønnsomhet ved vindkraftverk i Norge, og nødvendigheten av fleksible konsesjoner for å optimalisere kraftproduksjonen og for å kunne utnytte de økonomiske fordelene ved konkurransesituasjonen i leverandørmarkedet».

Med ei setning knuste NVE alle illusjonar om at andre omsyn enn økonomien til Zephyr skulle ha innverknad på utforming av vindkraftanlegget. Dette gjentok NVE i konklusjonen, og dei understreka også at rimeleg vegbygging på Guleslettene var eit hovudargument for å godkjenne anlegget.
Det er ikkje rart at Olav Rommetveit, dagleg leiar i Zephyr, kom med følgjande kommentar til Stavanger Aftenblad i mars 2018: «Det er moro, veldig moro, å være i norsk vindkraftbransje for tiden».

Men innbyggarane i Flora kommune må få siste ord om bygginga av industrianlegget på Guleslettene, det er trass alt vi som skal leve med anlegget.
 

Difor må politikarane i bystyret den 22. mai samrøystes støtte opp om kravlista til Zephyr sin utbyggingsplan som plan- og samfunnsutvalet i kommunen vedtok. Dette vil legge press på OED og NVE som skal gje endeleg klarsignal for byggestart. Vonleg finn dei at argumenta om å ta vare på folk og natur har noko føre seg.

Send inn tekst og bilete «

Gjer aktiviteten i ditt lag, di bedrift eller organisasjon synleg i lokalavisa!

Artikkeltags