«Politikarar som ikkje er kåte på makta bør finne noko anna å bruke tida si på.»

Ein hestehandel: Eit maleri av den danske kunstnaren Erik Henningsen.WIKIMEDIA Commons

Ein hestehandel: Eit maleri av den danske kunstnaren Erik Henningsen.WIKIMEDIA Commons

DEL

MeiningarAllereie valnatta var dei i gong med forhandlingane. Politikarane. Bruktbilseljarane. Hestehandlarane. Denne gongen var valresultatet så uoversiktleg at dei trengde meir enn ei veke på å kome i mål, men dei fekk det til. Om ikkje dei mest rabiate Kinn-motstandarane i Senterpartiet finn på noko sprell på oppløpssida blir Ola Teigen leiar for ein koalisjon av MDG, SV, Sp og Ap, og dermed den første ordføraren i Kinn kommune.

Eg har ei viss forståing for at hestehandelen etter valet er frustrerande for mange. Kinn-forhandlingane var kanskje ikkje haustens vakraste eventyr, men det har vore ei oppvising i praktisk demokrati som har vore både interessant og spennande å følge frå sidelinja. Alle partia har vore involvert i forhandlingar, og hatt moglegheit til å påverke vegen vidare for Kinn kommune i nokon grad. Så kan det vel seiast at nokre tapte forhandlingane. Samtidig kan det diskuterast om det var nokon som vann dei. Både Ap og Sp får ein pedagogisk nøtt å knekke når dei no skal forklare veljarane sine kvifor akkurat dei skal samarbeide med kvarandre. I spørsmålet om Kinn har dei vore rake motsetningar, og no skal dei plutseleg samarbeide om å bygge den same kommunen? Dette er oppskrifta på politikarforakt, seier nokre, og spør om alt handlar om verv og posisjonar. Til det er svaret eit klart og tydeleg ja. Sjølvsagt handlar det om verv og posisjonar. Korleis skal dei elles få gjennomført politikken sin?

Senterpartiet har vore i mot Kinn kommune heile vegen. Dei er også klare på at dei vil søke reversering om det viser seg at tvangsekteskapet ikkje fungerer. Korleis kan dei då styre saman med eit Ap og ein Ola Teigen som har vore pådrivarar i samanslåingsprosessen? Det kan dei gjere fordi det er det mest fornuftige å gjere slik situasjonen er no. Det er ikkje opp til bystyret å løyse opp Kinn kommune. Det er det Stortinget som må gjere. Slik samansetninga er i dag kjem ikkje det til å skje. Sanninga er at det er lite sannsynleg at det er mogleg å starte nokon reverseringsprosess før tidlegast etter neste kommuneval. Skal Senterpartiet frivillig sette seg sjølv på sidelinja dei neste fire åra? Nei. Dei skal sjølvsagt søke makt. Noko anna ville vere eit svik mot dei som har gitt dei si tillit gjennom å stemme på dei.

Ingen veit dette betre enn Senterpartiet sjølv, som alltid har vore gode på å drive realpolitikk. Både nasjonalt og lokalt.

Kva er det mogleg å få til? Det er det politikken handlar om. Politikarane må søke kompromiss der det er mogleg. Heile tida basert på overvegingar om kva ein får tilbake. Det vil nokre gonger gå på kostnad av politiske ideal og prinsipp. Kanskje går det i nokre tilfelle til og med på kostnad av moral, slik som det kan sjå ut som i Sunnfjord der løna til varaordføraren blei utslagsgivande for kven som til slutt blei ordførar. Det både kan, og skal vi kritisere. Det er ikkje slik at alle krumspring må vere greitt i kampen om makta. La det likevel vere klart. Vi treng politikarar som driv realpolitikk. Som søker makt. Moralpolitikarane. Idealistane. Kjepphestjockeyane. Vi kan beundre dei på trygg avstand, men dei får sjeldan vere med å stake ut framtida. Det er faktisk slik at det er dei kyniske maktpolitikarane som får gjennomslag. Som får ting gjort. Vi treng politikarar som har hestar å selje, om prisen er god nok.

Dei 39 politikarane som skal utgjere Kinn bystyre dei neste fire åra, saman med ein haug av vararepresentantar, er folkevalde. Dei har sett namnet sitt på ei liste og har fått tillit av veljarane. Alle saman har fått eit mandat til å kjempe for å få best mogleg gjennomslag for det som står i programmet til partiet deira. Det gjer dei best om dei er i posisjon. Det er faktisk jobben deira som folkevalde i eit representativt demokrati å kjempe for politikk og posisjonar på vegner av veljarane sine. Kynisk? Klart det. Vakkert? Ikkje alltid, men slik er politikken. Slik er demokratiet.

Politikarar som ikkje er kåte på makta bør finne noko anna å bruke tida si på.


Artikkeltags