Kjøp lokalt!

To sider: Å heie fram eit fotballag er viktig for supportarklubben Stimen. Men bak dei blåkledde på bana finst det mange støttespelarar som også fortener oss alle som heiagjeng, påpeikar Stimen i dette innlegget. (Arkivfoto)

To sider: Å heie fram eit fotballag er viktig for supportarklubben Stimen. Men bak dei blåkledde på bana finst det mange støttespelarar som også fortener oss alle som heiagjeng, påpeikar Stimen i dette innlegget. (Arkivfoto)

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det finst mange måtar å flagge patriotisme og støtte på. Ein av dei er måten du handlar på, skriv supportarklubben Stimen i dette innlegget.

DEL

MeiningarVi nærmar oss julehandelen med stormskritt. Nokon har nok sikkert komme godt i gong allereie og andre har kanskje kvittert ut for at alle presangar er kjøpt inn og ferdig pakka. For nokon er denne tida ein fornøyelse. Det å kunne planlegge, gå rundt å handle, pakke inn og kanskje skrive nokon ord til mottakaren av gåva.

Andre kvir seg derimot 11 av 12 månadar i året til det dei kallar stress og kaos. Desse utsett gjerne handelen til siste slutt, gjerne dagen 24. desember sjølv. Og så har ein desse som av ulike grunnar tek all handlinga på nett, heime i sofaen med ein kopp kaffi medan dei blar seg gjennom endelause sider av nettbutikkar der ute på nettet.

Vi har ei stolt fortid, og sjølvsagt har vi ei stor framtid.

Stimen

I Florø har handelsnæringa opplevd tøffe tider gjennom fleire år. Lokaler har stått tomme, nye prøvar seg, samtidig som dei mest drivne avsluttar mangeårig drift av butikk. Alle har dei gjort kvar sitt åleine og ofte saman for å prøve å dra same veg, mot meir handel lokalt. Både for å stoppe den handelsstraumen som skjer austover, men også den aukande veksten av netthandel. Begge er til skade for både handelslivet, men på sikt også byen vår i ein heilheit.

Byen og kommunen vår er bygd opp gjennom over 150 år. Vi har ei stolt fortid, og sjølvsagt har vi ei stor framtid. Lokalt næringsliv har i mange år vore viktige støttespelarar til lokale fritidstilbod, idrett og kultur. Dei har gjeve produkt som har vore lodda ut, sponsa med pengar eller på andre måtar vore ein viktig bidragsytar for det som har skjedd her lokalt. Dei har vore fritidstilbodet, idretten og kulturen sin støttespelarar.

Kjøp lokalt, skriv på gåvekortet at gåva er handla lokalt, sei til dei bak disken: «Stolt og kry!»

Stimen

Når julehandelen no går inn for fullt har vi ei oppfordring. Kjøp lokalt! Kanskje har dei ikkje akkurat det du hadde tenkt på, men dei har nok mest sannsynleg noko liknande. Eller noko anna den du skal gi gåva til vil sette stor pris på. Om vi alle tek desse handleturane her lokalt denne gongen vil butikkane kunne auke tilbodet litt meir til neste år, og fortsett ein slik er vi inne i ein god syklus.

Dette kan sjølvsagt ikkje gjelde berre i jula, men det er endå viktigare i den tida vi no går inn i. Dette gjeld alt av tilbod i Florø. Bli difor med på denne dugnaden. Støtt dei som har støtta byen vår i mange år! Kjøp lokalt, skriv på gåvekortet at gåva er handla lokalt, sei til dei bak disken «stolt og kry!». For det er nettopp det vi Florø-folk er, stolt og kry av byen vår. Difor skal vi alle støtte opp under byen og det som lever i den. God jul!

på vegner av styret i Stimen

Jon Håvard Strømsnes

Fredrik Johan Helland

Ida Therese Redal Ellingsund

Kurt Ask

Kurt Midtbø

Andreas Grøneng

(Supporterar av Florø fotball og Florø by)

Artikkeltags