Kinn kommune, med kysten i sentrum

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Del 2: Kinn kommune, med kysten i sentrum

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Kinn kommune tek mål av seg å bli ein fjerde region i fylket, ein region som er tufta på fremje kysten sine interesser og vere det lokomotivet både folket og næringslivet lang kysten etterspør.

Det vil bety at vi må samle både politiske og økonomiske ressursar for å skape ei eining som er sterk nok til å utvikle fortrinna våre, særleg knytt til havet. 

Enkelte er usikre på kva ein vil med Kinn. Kommunen som ikkje heng saman og heller ikkje representerer nokon etablert bu- og arbeidsmarknad.

Kinn kommune vil ikkje oppfylle alle måla som kommunereforma har frå dag éin. Det er heller ikkje så viktig, meiner vi.

Dei nye kommunane skal skapast for framtida.

Der mange har peika på manglande samanhengande kommune, har andre merka seg dei offensive ambisjonane i Kinn-prosjektet

Ola Teigen og Kristin Maurstad

Slagkraft

Kommunereforma handlar først og fremst om å skape betre tenester for folk. Dersom reforma berre skal skje der kommunane allereie har smelta saman, vil kommunereforma i stor grad handle om sentrale strøk.

Småkommunane i Sogn og Fjordane har stort behov for å utvikle kommunen som tenesteprodusent for både innbyggarar og næringsliv.

På kysten av Sogn og Fjordane ergrar mange seg over dei tapte moglegheitene i fylket vårt. Fylka nord og sør for oss har utvikla kysten langt betre enn vi har gjort i Sogn og Fjordane.

Mange peikar på gale vedtak og manglande prioriteringar. Med Kinn forlèt vi leitinga etter syndebukkar, vi tek sjølve dei grepa vi meiner vi må til for å skape ein slagkraftig kyst i Sogn og Fjordane.

Der mange har peika på manglande samanhengande kommune, har andre merka seg dei offensive ambisjonane i Kinn-prosjektet. «Ambisjonane og viljen til å skape vekstkraft for næring manglar sidestykke», uttaler til og med leiande reformekspertar.

Kinn kommune er resepten på å endre ei utvikling langs kysten som går for tregt, og som ein del stader har tilbakegang.

Stadig fleire kommunale oppgåver vert ivaretatt av interkommunale samarbeid. Dei er i liten grad underlagt politisk kontroll og gjenstand for politiske prioriteringar.

Tenester ein kjøper av selskap utanfor kommunen har ein liten politisk kontroll over, både med tanke på innhald og kostnad.

Kinn kommune vil ha større del av tenesteproduksjonen i eigen kommune. Vi vil og at desse arbeidsplassane skal vere mest mogleg i vår eigen kommune. Dette er også eit av måla med reforma.

Næringsutvikling

Ei anna gulrot i reforma er nye oppgåver. Frå 1.1.2018 kan ordførar i kommunane vie folk. Men enno meir spennande er dei om Kinn får ta over dei fylkeskommunane utviklingsmidlane. Om Kinn kommune får 15-20 millionar til å drive næringsutvikling kvart år, så har vi store moglegheiter til å prioritere dei ambisjonane vi har på næringssida. Vi skal ikkje berre vere best i fylket, vi skal vere den viktigaste industrikommune mellom Ålesund og Bergen! Det vil krevje at kommune og næringsliv jobbar betre og tettare saman enn før. Lukkast den eine, lukkast den andre.

Utviklingsarbeid

Både Vågsøy og Flora har hatt eit sterkt ønske om å kunne prioritere utviklingsarbeid i større grad. Men ressursane har ikkje alltid strekt til. I Kinn kommune vil vi faktisk ha moglegheit til å gjere akkurat dette. Dei primære kommunale oppgåvene, som skule og eldreomsorg, skal sjølvsagt ha førsteprioritet, men i tillegg vil vi kunne legge ressursar i å vere ei drivkraft for å utvikle kysten.

Det gode liv i Kinn

Med gode tenester og eit blomstrande næringsliv er samfunnsutviklaren Kinn kommune på sporet. For å vere attraktiv for tilflytting må arbeidsplassar skapast saman med ein kommune som er god og spennande å bu i. I Kinn kommune skal ein kunne realisere både ei interessant jobbkarriere og ei aktiv fritid.

Framtida følgjer ikkje gamle grenser. Kommunikasjonane langs kysten skal utviklast på same måte som vegar har blitt bygd innover langs fjordane våre. Vi må lausrive oss frå fogderigrenser dersom kysten skal ta den rolla som faktisk alle er tente med. Kinn blir ei politisk makt og eit næringstyngdepunkt, akkurat som vi har snakka om i så mange tiår. No organiserer vi oss som den fjerde regionen i Sogn og Fjordane, kystregionen.

No som arbeidet med Kinn kommune er i gong så håpar og oppmodar vi flest mogleg til å vere med på å forme kommunen, og forme vår eiga framtid.

Kinn kommune er ei mobilisering av alle dei gode kreftene langs kysten – saman er vi sterke!

Ola Teigen

Ordførar i Flora kommune (Ap)

Kristin Maurstad

Ordførar i Vågsøy kommune (Ap)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken