TV-aksjonen og føremåla han støttar, har i alle år fått stor oppslutnad av nordmenn, og det er mange gode grunnar til det. Dei siste åra har han mellom anna bidrege til å gi utdanning til barn og unge i konfliktområde, sikre tilgang på reint vatn i store delar av Afrika og Asia, og hjelpt oss å bevare viktige område med regnskog. Når aksjonen nok ein gang går av stabelen den 21. oktober i år, vil midlane gå til Kirkens Bymisjon, og vi skal rette blikket heimover til vårt eige land.

Det finst mange i Noreg i dag som manglar grunnleggjande element i kvardagen sin, og det kan vere ekstra sårt å stå utanfor eit samfunn som per definisjon er velståande. Utanforskap kjem i mange former, og det kan vere snakk om menneske med heilt akutte behov for mat eller ei seng å sove i, eller det kan gjelde manglande sosiale fellesskap. Det er desse menneska det skal handle om førstkomande søndag.

Om du vel å støtte prosjektet til Kirkens Bymisjon denne dagen, er du med på å hjelpe organisasjonen sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Meir konkret bidreg du mellom anna til etableringa av tiltak som:

  • akuttovernattingar slik at fleire kan få ein trygg og varm stad å sove
  • enkle matstasjonar som tilbyr minst eitt varmt måltid om dagen
  • sanitærtilbod som toalett, dusj og vaskemaskin
  • fritidsaktivitetar for barn og unge
  • arbeidsplassar for menneske som fell utanfor det ordinære arbeidslivet
  • møteplassar for folk med innvandrarbakgrunn, med mål om å hjelpe dei til å bli ein ressurs i eige nærmiljø
  • kaféar for folk med ruserfaring eller dårleg psykisk helse, slik at dei kan auke livskvaliteten gjennom fellesskap, næringsrik mat, kvile og informasjon frå hjelpeapparat
  • fullstendig oversikt over tiltak finn du på blimed.no.

Det er sjeldan vi ser eit slikt engasjement som det TV-aksjonen er med på å skape, og kombinasjonen av opplysing og gjevarglede gir oss moglegheit til å hjelpe mange av dei som treng det mest. Sidan oppstarten i 1974 har det norske folket bidrege med over 7,5 milliardar kroner, og Sogn og Fjordane har i mange år utmerka seg som eit gåvmildt fylke.

Vi kan vidareføre denne tradisjonen i år også, når 100 000 bøsseberarar går årets viktigaste søndagstur den 21. oktober. Ta godt imot dei!