Har kyr tryggare fødevilkår enn norske kvinner?

DEL

MeiningarI Norge er det forbode å transportere drektige storfe og hest dei siste to vekene før fødsel, og bøndene risikerer svære bøter viss det skjer.

Det slår Forskrift om transport av levande dyr fast. Det same gjeld for andre drektige dyr viss det er risiko for at fødsel kan skje under transporten. Det er heller ikkje lov å transportere dyr som har fødd i løpet av dei siste 72 timane.

Samstundes er det godteke frå både politisk og statleg hald at det er over 400 kvinner årleg som uplanlagt føder i bilar i busslommer, heime på badet, i ambulanse, eller på eit kontor på helsestasjonen, slik eg gjorde i 2013.

Eg var andregongsfødande, og eit par veker før termin vakna eg i femtida på natta av litt korsryggplager. Deretter skjedde ting så fort at eg så vidt nådde fram til helsestasjonen, sjølv om det berre er ein kort køyretur gjennom Firdavegen. Eg var både redd og nervøs, sidan det hadde vore komplikasjonar første gong eg fødde. Men guten kom til verda kort tid etter at eg var kom til jordmorvakta sitt kontor på helsestasjonen, og han var frisk og fin. I gangen stod ambulansepersonellet klart, i tilfelle noko skulle gå gale.

Det verste var kanskje transporten etterpå. Rett etter fødselen gjekk eg sjølv ut av kontoret og opp på ambulansebåra i gangen. Så måtte eg ta av meg på overkroppen for at babyen skulle få pupp og hudkontakt på veg til sjukehuset. Eg blei stroppa fast i båra, liggande på ryggen, med belte over overkroppen, og den nyfødde i armkroken. Det var langt frå noko behageleg stilling, ikkje kunne eg røre særleg på meg, kaldt var det også. Slik køyrde vi, ganske sakte, heile vegen til sentralsjukehuset og barselavdelinga.

Talet ufrivillige fødslar utanfor sjukehus er dobla dei siste 30 åra, ifølge NRK. Dette har skjedd i takt med at talet fødeinstitusjonar vert lagt ned. I 2015 blei 361 babyar fødd utanfor fødeinstitusjon. 105 under transport, 144 heime, og 112 er uspesifiserte. Dei mest utsette fylka er Finnmark og Sogn og Fjordane.

Det er forståeleg at ein del av politikarane i Flora, som er i ein pressa økonomisk situasjon, ønsker å plassere rekninga for følgetenesta der den høyrer heime: hos helseføretaka og staten.

Lokalpolitikarane har ein vanskeleg jobb med å få i hamn kommunebudsjettet, der både eldreomsorg, skular og barnehagar ideelt sett skulle hatt mykje meir å rutte med, og ein har fleire viktige byggeprosjekt på gang som vanskeleg kan vente.

Samstundes er det på mange måtar ei fallitterklæring å argumentere med at vi i Flora kommune like godt kan legge oss på eit dårlegare jordmortilbod fordi alle dei andre kommunane i fylket har det – i «verstingfylket» Sogn og Fjordane.

Kanskje vi heller skal seie at vi tar denne kostnaden? At vi skal vere den beste kommunen i fylket når det gjeld fødselsomsorg og tryggleik for gravide?

Så kan politikarane samstundes gå i dialog med styresmaktene, og kjempe for ei betre finansieringsordning og eit tryggare tilbod for alle – mens Flora sjølve tar kostnaden, og viser kor viktig dette er?

Saka skal endeleg vedtakast i Flora bystyre torsdag kveld. Politikk er å prioritere. Så står det att å sjå kven som prioriterer tryggleik for gravide kvinner i ein sårbar situasjon.

Artikkeltags