Om sjarkhamna i Kalvåg

SJARKHAMN I PRAKSIS: Knutholmen og makrelldorgarane nyt god av kvarandre i sesongen på seinsommaren.  Arkivfoto: Kjell Aga Ulvestad

SJARKHAMN I PRAKSIS: Knutholmen og makrelldorgarane nyt god av kvarandre i sesongen på seinsommaren. Arkivfoto: Kjell Aga Ulvestad

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Kronikk

MeiningarKommentar til Arve Solbakken si sak om sjarkhamn i Kalvåg.

Først vil eg nytte høve å skryte over Firdaposten si sak om vidare utvikling av infrastruktur på Kalvøya i Kalvåg. Eg trur dette er eit godt eksempel på type saker som lesarane har interessa av å lese, spesielt når Solbakken lagar ein kommentar med litt historie, utviklingstrendar og stiller kritiske spørsmål til strategiar for vidare utvikling. Når det er sagt, konklusjonen i Solbakken sin kommentar er eg ikkje einig i.

Næringsutviklinga i Kalvåg har vore fantastisk, både innan reiseliv og fiskeri. Solbakken peikar med rette på rolla til Svein Inge Fosse med familie når han beskriv utviklinga. Kalvåg hadde aldri vore der Kalvåg er i dag utan Fosse-familien, dette er kjent langt utover nærmiljøet. Det er flott å lese at Solbakken også legg vekt på Per Røys si rolle. Røys er ein bauta i fiskerimiljøet. Som Solbakken skriv er Per Røys fabrikksjef på Pelagia Kalvåg, i tillegg til å være involvert i selskapet Kalvøya Utvikling. Solbakken burde i tillegg tatt med Per Røys si rolle i å vidareføre den stolte tradisjonen til selskapet Brødrene Larsen i Kalvåg. Det er ingen tvil om at Per Røys, på lik linje med Fosse-familien, har vore avgjerande for den utviklinga Kalvåg opplever.

Brødrene Larsen driv fiskemottak for lokal/regional sjarkflåte og andre som leverer fersk kvitfisk. I tillegg driv Brødrene Larsen fiskebutikk i lokala til Brødrene Larsen på Kalvøya.Brødrene Larsen, saman med mottak som t.d Snorre Seafood i Vågsøy og Sigurd Løkeland i Askvoll kommune, er avgjerande for at lokale fiskarar som t.d Harald Gulestøl, Terje Leiv Lindvik mfl kan levere fangstane sine. Når Odd Larsen ikkje kunne drive Brødrene Larsen vidare kjøpte Per Røys selskapet i 2001. Brødrene Larsen har 25 tilsette og omsette for 30 millionar i 2014.

Solbakken peikar på ei utvikling der det vert stadig færre kystsjarkar og det merkar vi i Brødrene Larsen godt. Færre båtar, mindre volum, færre tilsette og stadig tøffare økonomi. Brødrene Larsen jaktar heile tida nye prosjekt for å motverke denne utviklinga. Vi må utvikle oss for å sikre at vi er ein attraktiv og framtidsretta samarbeidspart for fiskeflåten. I 2012 la Domstein ned kvitfiskaktiviteten i Måløy og Brødrene Larsen overtok utstyr og kontraktar knytt til produksjon av seifilet av fersk råstoff. i 2016 startar vi ei ny produksjonslinje for porsjonspakka produkt retta mot marknaden i Norge, Sverige og Danmark, ein produksjon som vil auke omsetnaden i Brødrene Larsen betydeleg. Vi skapar tryggare arbeidsplassar og vi sikrar at vi også i framtida vil vere der når lokale/regionale fangstar skal leverast.

Bremanger Kommune er ein næringsvillig kommune som «trakkar til» når det er nødvendig. Saman med Domstein investerte Bremanger kommune i kaianlegg og fryseri (Frøysjøterminalen) rundt år 2000. Satsinga var omstridt og flittig kommentert i negative ordelag av journalistar i Firdaposten og andre aviser. Det som vart omtalt som feilslått infrastrukturinvesteringar i 2000 er i dag avgjerande for dagens fiskeindustri i Kalvåg samt vidare utvikling av ny aktivitet. Monica Sande, Geir Magne Røys, Per Røys, rådmann, ordførarar, politikarar frå ulike parti i Bremanger, administrasjon i Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkespolitikarar, har utført eit imponerande arbeid med å få fiskeriprosjekta inn i Nasjonal Transportplan og inn i Kystverket sine budsjett. Fylkeskommune og Bremanger kommune har stilt opp med infrastrukturmidlar.

Regjering og Storting har hittil støtta prosjekta og vi må gjere det vi kan for at dette skal gjelde også for dei neste prosjekta på Kalvøya i Kalvåg.

Knut eikeland Styreleiar i Br. Larsen Eftf. AS

Fiskerimiljøet i Bremanger er satt saman av eldsjeler som i tillegg til å drive og utvikle eigne bedrifter også engasjerer seg i utviklinga av næringa. Seks bedrifter (JMPI Maritim, Brødrene Larsen, Hydraulikk og Motor, Linebas, Vestbas, Frøybas) pluss Bremanger kommune stifta selskapet Kalvøya Utvikling for å bidra til utvikling av fiskerimiljøet i Ytre Bremanger. Selskapet har kjøpt areal på Kalvøya i Kalvåg og jobbar med prosjekt for å styrke attraktiviteten til området. Eit av desse prosjekta er i tett samarbeid med reiselivsnæringa der både Knutholmen og Vestkysten er involvert.

Eit vesentlig poeng når ein skal vurdere lokale prosjekt er å sjå desse i samanheng med overordna utviklingstrekk i samfunnet. Fiskerisektoren er blitt nasjonen Norge si viktigaste næring målt i eksportinntekter. Ressursane vi haustar av utanfor kysten vår er fornybare ressursar. Fisk er sunt, prisar og etterspørsel er aukande. Innovasjon Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane/Sparebanken Vest er gode medspelarar og finansierar stadig nye prosjekt innan næringa. Verdiar skapast der folk bur. Oljesektoren i Norge har i løpet av nokre få kvartal fått skikkelig motvind og mange personar må finne nytt arbeid. Ingen ønsker at oljebransjen må redusere arbeidsstokken men det kan tyde på at den negative utviklinga vil fortsette. Fiskerisektoren har over tid levert mange flinke folk til oljebransjen. Med fortsatt god utvikling innan fiskeri kombinert med vedvarande negativ utvikling i oljebransjen, vil ein fort kunne oppleve at det igjen blir auke i tal kystsjarkar i Ytre Bremanger. Ei framtidsretta sjarkhamn i Kalvåg vil være eit viktig moment når gjerne unge personar skal vurdere å starte som kystfiskarar.

Strategiar og planar for vidare utvikling av fiskerimiljøet i Bremanger er visjonære og riktige, aktørar går saman for å realisere nye prosjekt. Bremanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune står langt framme og heiar. Regjering og Storting har hittil støtta prosjekta og vi må gjere det vi kan for at dette skal gjelde også for dei neste prosjekta på Kalvøya. Eg er overtydd om at historia på nytt vil vise at dei visjonære kreftene i fiskerinæringa og Bremanger Kommune får rett, investering i infrastruktur, les sjarkhamn, kjem til å bli vellykka. Sjarkhamna på Kalvøya er på ingen måte akterutsegla.

Artikkeltags