"Har vi i nordre distrikt ei viktig avtale, må vi overnatte på hotell, for vi kan ikkje stole på at båten kjem."

LANG DAG: For meg vil dette medføre at eg må reise heimafrå 07.30 og ikkje kan vere heime att før 15.15, kvar gong eg har ein time hos doktor, tannlege, skal hente medisin eller skal til Florø for å handle, skriv artikkelforfattaren..

LANG DAG: For meg vil dette medføre at eg må reise heimafrå 07.30 og ikkje kan vere heime att før 15.15, kvar gong eg har ein time hos doktor, tannlege, skal hente medisin eller skal til Florø for å handle, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av

SAMFERDSLE: Har vi i nordre distrikt ei viktig avtale eller reise tidleg på morgonen, må vi overnatte på hotell, for vi kan ikkje stole på at båten kjem.

DEL

LesarbrevEtter å ha sett fylkeskommunen sitt framlegg til framtida sine båtruter i Florabassenget, må eg med tungt hjerte fastslå at ein har gravlagt prinsippet om likt tilbod til alle innbyggjarane i øyane.

Øyane i sør er sette opp med to faste ruter på føremiddagen kvar veke, i vest vert det ei rute, medan øyane i nord ikkje vil få båtruter på føremiddagen. For meg vil dette medføre at eg må reise heimafrå 07.30 og ikkje kan vere heime att før 15.15, kvar gong eg har ein time hos doktor, tannlege, skal hente medisin eller skal til Florø for å handle. I dag har vi ei rute på føremiddagen i løpet av veka, og den er flittig brukt. Å ha dette tilbodet betyr mykje for oss som er pensjonistar, og andre som ikkje dagleg pendlar til Florø.

Det nye anbodet legg opp til at det skal vere to bilførande båtar i Florabassenget, og ikkje tre som i dag. Søre distrikt får bilførande båt på alle avgangar, medan nordre og vestre distrikt skal dele ein bilførande båt, slik at ein berre får bilførande båt på nokre avgangar.

Vidare legg anbodet opp til at ambulansebåten framleis skal trafikkere arbeidsruta i nord. Eg håper at kravet om at anbodsvinnar har ansvar for å ordne alternativ transport ved avlyste ruter, og vil gjelde for ruter ein vel å trafikkere med ambulansebåt. Son min har nyleg begynt på jobb i Florø, og tredje dagen i ny jobb kom han fleire timar for seint. Arbeidsruta vart då avlyst, noko som jamleg skjer, og det kjem ingen alternativ transport. Han kjem ikkje til å verte buande i øyane. Ein har ingen reisegaranti som gjer at ein får dekka tapt arbeidsforteneste eller andre kostnadar. Har vi i nordre distrikt ei viktig avtale eller reise tidleg på morgonen, må vi overnatte på hotell, for vi kan ikkje stole på at båten kjem. Kven andre vil ha det slik?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags