Ungdom er ikkje berre eit ord

UNGDOMSTIDA: Ungdomstida er ein viktig fase i livet, og kan vere både komplisert og utfordrande. Ungdomspolitikken i Norge reflekterer ikjke denne kompleksiteten, meiner kronikkforfattaren. Her frå Våt Moro-festivalen i Florø.

UNGDOMSTIDA: Ungdomstida er ein viktig fase i livet, og kan vere både komplisert og utfordrande. Ungdomspolitikken i Norge reflekterer ikjke denne kompleksiteten, meiner kronikkforfattaren. Her frå Våt Moro-festivalen i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dagens ungdomsgenerasjon har mange merkelappar. Vi treng ikkje fleire av desse. Vi treng synleg og heilskapleg ungdomspolitikk, ikkje ordspel.

DEL

Generasjon lydig

Generasjon skam

Bortskjemd generasjon

Digital generasjon

YouTube-generasjonen

Generasjon «verken eller»

Generasjon tryggleik

 «Sjukt»-seriøs generasjon

Generasjon perfekt

Generasjon skikkeleg

Meg-generasjonen

Generasjon prestasjon

Generasjon depresjon

Stressa generasjon

Pressa generasjon

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ungdomsgenerasjonen har blitt vant med merkelappar som skal forsøke å beskrive dagens unge. Siste tal frå studentundersøkinga offentleggjort 5 september 2018, peikar på utvikling av ein ny merkelapp. SHoT (Studentenes Helse- og Trivselsundersøkinga) 2018 viser at ein av fire norske studentar opplever ofte eller svært ofte å vere einsam, isolert eller utanfor. Tal frå SHoT er i tråd med andre nasjonale ungdomsundersøkingar i Noreg. Ungdata-rapporten frå 2018, fokuserer på skuleelevar på ungdomsskule og i vidaregåande opplæring, som viser at tal på einsame elevar er den høgaste nokon gong registrert. Er vi i dag vitnar til danninga av ein einsam generasjon? Og i så fall, kva har vi tenkt å gjere med det?

Einsemdtrenden ser ut til å vere utbreidd blant både elevar og studentar i Noreg. Samtidig, verkar ikkje vi vere særleg overraska. Utanforskap blant ungdom har vore vist til også i tidlegare ungdomsundersøkingar. Men kan vi slå oss til ro med det? Kven tek ansvaret for at dei neste ungdomskulla ikkje opplever det same?

Ung og utanfor

Mange betraktar ungdomspolitikk som eit mindre handfast og konkret område enn til dømes finanspolitikk og utanrikspolitikk. Ungdom er ein sosialt konstruert kategori, som er ulik i tid og rom og kan difor verke vanskeleg å handtere. Men den er på ingen måte mindre viktig.

Forskingsdagane 2018

  • Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der kunnskapsinstitusjonar i heile landet viser fram forskinga si.
  • I år er temaet «Oppvekst».
  • Lokale forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking markerer dette mellom anna gjennom ein serie kronikkar der dei ser på kva det vil seie å vekse opp i Noreg i dag.

Hugsa du første gong du flytta heimanfrå? Kribling i magen, søvnløse netter. Kjem eg til å få venar? Vil eg trivast på den nye plassen? Store forventningar og håp for framtida. Men kva om overgangen blir for tøff?

SHoT 2018 peikar på at alvorlege psykiske plager blant studentar har auka frå nesten kvar sjette student i 2010 (16 %) til over kvar fjerde i 2018 (29 %). Og det er ikkje berre studentar som opplever utfordringar. OECD undersøkinga frå 2018 viser at rundt 90.000 unge i alder 15-29 år er i dag verken i arbeid, utdanning eller anna opplæring i Noreg. Å stå på utsida av arbeid og utdanning vil naturlegvis gje unge kjensla av utanforskap og marginalisering.

Rundt ein million menneske i Noreg i dag vil kunne vere plassert i kategorien ungdom. Ein million menneske er ikkje berre eit ord.

Vi treng ein ungdomsminister

Ungdomstid er ei komplisert, utfordrande, og svært viktig fase i livet. Ungdomspolitikken i Noreg reflekter ikkje denne kompleksiteten. Den er fragmentert, lite synleg og lite debattert. Ved lansering av resultat frå undersøkingar som SHoT, Ungdata og frå OECD opplever vi interesse og engasjement, men denne forsvinn like fort som den kjem. No må vi sette press på politikarar og sentrale institusjonar om å bruke tala til å komme fram med heilskaplege løysingar mot utanforskap blant ungdom.

Synleggjering av utfordringar blant unge er eit naudsynt steg for å sette søkjelyset på utvikling av kunnskapsbaserte tiltak mot utanforskap. Kanskje kan ein eigen ungdomsminister vere delar av løysinga for å få meir «action» kring førebyggande tiltak og fokus på ungdomspolitiske spørsmål? Med eit klart mandat og øyremerka budsjett vil ein ungdomsminister vere ei tydeleg stemme og forkjempar for dagens ungdomsgenerasjon. Medan eg ventar på innføring av ein ungdomsminister i Noreg, vil eg sende ei oppfordring til alle som les dette. Ser du nokon som er utanfor? Ikkje sjå bort! Arbeider du med og for ungdom? Les gjennom dei siste rapportane frå Ungdata og SHoT og gjer deg kjend med utviklingstrekka. Har du forslag til løysingar? Delta i debatten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken