Sentraliserings-fundamentalismen skadar samfunnet

RAUD KRITIKK: Det er under Erna Solberg sitt styre at distrikta i Norge verkeleg har fått smake sentraliserings-politikk, meiner Raudt.

RAUD KRITIKK: Det er under Erna Solberg sitt styre at distrikta i Norge verkeleg har fått smake sentraliserings-politikk, meiner Raudt. Foto:

Av
DEL

MeiningarEg har fått med meg at Høgre sin parlamentariske leiar på Stortinget, Trond Helleland, i eit angrep på Senterpartiet sin leiar Trygve Slagsvold Vedum, kom med ein påstand om at det han kallar for «venstresida» står for sentralisering.

Ifølgje Helleland står Høgre for «en politikk som bygger samfunnet nedenfra». Det må vere spennande å leve i ein parallell røynd, noko det kan verke som om Helleland gjer. Er det noko som kjenneteiknar Solberg sine år som statsminister, så er det sentralisering, det vere seg av lensmannskontor, kommunar, fylke og likningskontor, berre for å nemne noko. Dei siste skadelege politikkendringane for sentralisering frå den mørkeblå regjeringa er framlegget om kraftig reduksjon i talet på både passkontor og trafikkstasjonar.

På NRK Sogn og Fjordane kan ein lese om at Florø mista politiet sin operasjonssentral med 23 stillingar i fjor, samt Skatteetaten sine 14 stillingar nokre år før dette. I den same artikkelen kjem det fram at talet på tilsette i staten i hovudstaden Oslo auka frå 72.394 i 2014 til 74 532 ved utgangen av 2018, medan det i den same perioden var ein nedgang i talet på statleg tilsette i Sogn og Fjordane frå 5033 til 4846. Sogn og Fjordane treng fleire offentlege arbeidsplassar, ikkje færre.

Det var ein gong at Ap hadde 'By og land – hand i hand' som eit av sine slagord, men det er dessverre lenge sidan. Mykje av sentraliseringsreformene til dei ulike Solberg-regjeringane har fått støtte frå Ap på Stortinget.

Ein aktiv distriktspolitikk og ein jamnare geografisk fordeling av innbyggjarane i Noreg hadde definitivt vore det beste. Fleire offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane hadde vore ein god start. Difor er det synd at Raudt sitt alternative framlegg til statsbudsjett i 2019 berre fekk Raudt sin eine røyst på Stortinget. Dette budsjettet hadde nemleg gjeve kommunane i Sogn og Fjordane ei samla auka i frie inntekter på 184.808.000 kr, noko som hadde komme godt med i underbemanna og underfinansierte kommunale tenester.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags