Næringslivet skal bygge Kinn kommune

Morten Hagen, Anett Berg, Arlene Vågene, Vidar Grønnevik.

Morten Hagen, Anett Berg, Arlene Vågene, Vidar Grønnevik.

Av
DEL

MeiningarVelstandsnivået i Norge har auka dramatisk dei siste femti åra. Staten og kommunane sine inntekter er mangedobla til liks med lønnsnivået.

Kostnadane har også auka, men ikkje i like stor grad - og resultatet er at kjøpekrafta er betydelig auka.

Olje- og gassinntekter er ein viktig grunn til nemde utvikling, men effektivisering i dei aller fleste bransjar er også sterkt medvirkande.

I første del av denne perioden auka andelen yrkesaktive i den voksne befolkninga, men i den siste delen har denne andelen gått ned.

Då prognose over utvikling i tal eldre er relativt lett å lage, veit vi med stor grad av sikkerhet at andelen yrkesaktive vil bli ytterlegare redusert i åra som kjem.  I praksis betyr dette at det blir færre som er i arbeid for kvar person som mottak ytingar frå det offentlege i form av alderstrygd, uføretrygd, sjukepenger og andre livsoppholdsytingar.

Det er i dag også vanskelig å sjå at fødselsraten vil stige vesentlig som bidrag til å få fram nye borgarar som kan gå inn i arbeidslivet.

Som om ikkje dette er utfordring nok, så seier dei same prognosene at med eit større tal «gamle» eldre, så vil pleie- og omsorgsbehovet auke betydelig og kreve meir ressursar frå det offentlige for å finansiere denne auka bemanninga i kommunal sektor.

Kinn kommune vil, til liks med dei fleste kommunane i Norge, også møte desse utfordringane - og vi starter ikkje akkurat med «mykje pengar på bok», men med betydelig mindre inntekter enn kostnader.

Folketalet, som er ein viktig faktor for å fastsette kommunen sine inntekter (både frå staten og frå skatteinngang) er på toppen av det heile også i tilbakegang.

Om vi skal snu den negative trenden, så må vi (i tillegg til å velge et nytt politisk fleirtal i Kinn kommune) legge vesentlig betre til rette for meir og ny næring. Dette krev at vi er villig til å avsette areal og lage reguleringsføresetnader som gir rom for ulike typer næringsdrift.

I Flora kommune har reguleringa av Florelandet Nord vorten ein målbar suksess som vi berre har sett starten på. Men vi bør ta lærdom av prosessen med å få reguleringsplanen på plass.

Det tok fleire år, krevde betydelige summar i utgreiingar og fikk ei rekke svartmalende enkeltpersonar og organisasjonar til å boltre seg i både lokalmedia og sosiale media med visjonar av kor ille det ville verte om ein skulle være så uheldig å kunne skimte frå bygatene kvar verdiar vert skapt og arbeidsplassar etablert. Det var heller ikkje få forsøk på å hindre at reguleringsplanen skulle bli vedtatt og derved legge til rette for vekst i næringslivet.

I dag, få år etter det lange reguleringsløpet var avslutta, er vi vitne til ei suksesshistorie som ser ut til å være «grøn» og vekse for kvar månad som går - ei utbygging som har bidratt til å gi tettstaden ein positiv tilvekst uten negative bieffekter.

Det er arbeidsplassane vi lever av, dei er nødvendige for at mennesker skal flytte til vårt område og vi bør glede oss over at kompetent arbeidskraft kan hentast frå heile EU.

Det er kun gjennom å være best på tilrettelegging for næring at vi kan ha håp om auke i folketalet - og derved auke i statlige overføringar og skatteinntekter som skal finansiere skular, barnehagar og omsorg.

Kinn Høgre er tindrande klar på at dette er den nødvendige vegen å gå for å sikre at Kinn kommune kan ta ut potensialet som ligg i både privat og offentlig sektor.

Godt val!

Kinn Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags