– Eg vil ikkje forvirre

Av

Svar på Nils Myklebust, nestleiar i Fellesnemnda for Nye Kinn kommune, sitt lesarinnlegg i Fjordenes Tidende og Firdaposten.

DEL

MeiningarNils Myklebust skriv: Når Heggheim prøver å framstille det som at Bryggja sin uttreden frå Vågsøy vil kunne ha positiv økonomiske effekt på grunn av at utgiftsida vert redusert, så må eg få lov å spørje.

Kva i all verda er det du skriv, manglar du verkeleg innsikt i dette?

Eg har aldri skrive det. Eg skriv; Det ligg ikkje føre tal knytt til mogleg reduksjon på utgiftssida knytt til Bryggja. Når dette ligg føre vil akutt omstillingsbehov på 53,5 millionar kr bli redusert. 
 

(Nils Myklebust sitt lesarinnlegg: Fredagsbrevet frå Terje Heggheim 7.6, er brevet opplysande eller forvirrande? )


Du tek det eg skriv ut av samanhengen. Eg byggjer på ein føresetnad om at Kinn må spare 94 millionar kroner.  32 millionar av desse kjem som følgje av tapte inntekter ved at Bryggja går til Stad.  Det er reduserte rammeoverføringar, skatteinntekter og eigedomskatt.  Tal vi har estimert så langt, men ingen skriv fasit for i morgon.  Vi vil få reduserte kostnader ved uttrekk av Bryggja.  Kommunale tenester Vågsøy betalar for i dag, men som Kinn ikkje skal ha i 2020.  Vi kjenner ikkje storleiken på dei no, men det er dei eg har skrive om som positive, fordi dei vil ta ned innsparingsbehovet for Kinn. 

Din neste påstand med meg som kjelde; at Flora og Vågsøy ville ha like store utfordringar økonomisk om vi hadde fortsett som eigne kommunar. Dette er heller ikkje tilfelle.

Eg har  aldri skrive det.  Eg skriv; Men utfordringane vert ikkje mindre på lang sikt.  Føresett grensejustering av Bryggja hadde kommunane hatt dei forholdsmessige same utfordringane kvar for seg. Eg har dekning for det når Vågsøy vedtar å bruke 28 millionar kroner til drifta i 2019 ved bruk av eingongsinntekter.  Du har ikkje dei inntektene i 2020.  For å halde det same driftsnivået må du enten finne nye inntekter, eller redusere kostnader.  Flora gjer det same, men der er talet 18 millionar kroner. 

Vidare kjem du med ei rekke påstandar om kva eg gjer og kva eg har sagt.  Eg kan ikkje gå inn på alt, men vil reflektere rundt nokre.

Når det gjeld lønsharmonisering skriv du at eg nekta å samarbeide med deg om det.  At eg ville vente til etter valet og koste det under teppet.  Eg informerte fellesnemnda om dette i september 2018.  La også fram talmateriale .  Eg har aldri kopla det til val, men eg var klar på at arbeidsgruppa du leia ikkje hadde fått noko bestilling frå fellesnemnda om å svare på dette. Du hadde ikkje mandat.

Du skriv; så går du og leiaren i fellesnemnda + begge ordførarane rundt å trur at dokke skal få endra på det nasjonale regelverket for Arbeidsgjevaravgifta.  Eg syns det er synd at du framstiller eit ærleg forsøk på å spele inn våre syn i saka på ein slik måte.  Systemet rundt avgiftene skal reviderast.  Staten har kome med ulike rapportar som handlar om moglege endringar.  Eg har aldri sagt at vi skal få endra dei til vår fordel, men eg vil i alle fall ikkje ha gjort jobben min om vi let vere å prøve.  Det er trist at du som nestleiar i nemnda - som skal legge til rette for Kinn - omtalar arbeidet til rådmannen og politiske kollegaer på denne måten.  Det er inga kritisk røyst, det er ei motkraft.

Du siterer: Du skriv også at ein vil gjere innbyggjarane ei bjørneteneste med å utsette dette. Du har alt gjort innbyggjarane ei bjørneteneste. Her handlar det om å utsette innsparingane.  Eg har ingen andre intensjonar enn å opplyse fellesnemnda slik at dei kan gjere vedtak til beste for innbyggarane. Deretter set eg vedtaka ut i live. 

Til slutt kritiserer du meg for at eg ikkje klarer å få ut saka om kommunevåpen før same dagen som møte.  Det vart avklara i Fellesnemnda sitt arbeidsmøte veka før, der du deltok.  Så skriv du; her har i tillegg pengane sitte umåteleg laust.  Nils Myklebust, ærleg talt; eg tilrådde arbeidsgruppa sitt framlegg om Fyr som kommunevåpen, og ville stoppe der.  Etter drøftingane vart framlegget mitt endra.  Du røysta for at arbeidsgruppa skulle utarbeide nye alternativ.  Du tok til ordet for innbyggarrøysting. Du røysta for at eg som rådmann skulle avgjere den eksterne hjelpa til det, og du røysta for at vi skulle halde ramma til føremålet.  Kvifor lastar du meg for pengebruken du sjølv utløyser?

Eg kan ikkje anna enn å seie meg samd i avsluttinga di; stopp når du ser farar i baugen, elles går dette himlande  gale. Skulle faren oppstå i sjøområdet mellom Kinnaklova og Kannesteinen, hadde vel alle vore best tent med eit fyr!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags