Eg vil bli politikar i Kinn!

Ola Teigen

Ola Teigen Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarEg kan vanskeleg forestille meg eit meir spennande politisk prosjekt enn Kinn kommune. Det å ta tak i dei politiske ambisjonane kystpolitikarar har uttalt i tiår, triggar meg. Det å gjere kysten av Sogn og Fjordane viktig og plassere den der den høyrer heime, er eit prosjekt som gjev meining, men krev mot og vilje til endring. Og aldri har vel dette vore viktigare enn nett no, no når vestlandsfylket er i emning. Og alt no byrjar vi å sjå resultat av valet vi har gjort, kysten vinn fram med sine krav og det er til stor inspirasjon.

Tida vi lever i er prega av ei nær sagt endelaus endring av strukturar. Kommune- og fylkesgrenser endrar seg i stort tempo. Nav, politi, skatt, Innovasjon Norge og Helseforetak, slår seg saman i større einingar. Og mykje av grunnen er samfunnsendringar prega av spesialisering, kortare avstandar, men og det at folk får løyst sine oppgåver på nett. Likevel opplever vi ofte stor motstand mot desse strukturendringane, og særleg dei som skjer nær oss. Ein grunnen er at einingane sjelden hamnar ved kysten.

Flora og Vågsøy sine kommunestyre har peika på at Kinn er svaret på våre felles utfordringar. Dette møter motstand, ikkje berre frå dei som er usikre på om kommunereformen er bra for vår kommune, men og utanfrå. Vågsøy og Flora ligg i kvar sitt fogderi. Det vert sett på som litt illojalt at både Flora og
Vågsøy ikkje finn sine partnarar i Sunnford eller Nordfjord. Vi utfordrar eksisterande strukturar. Kinn utfordrar Nordfjord, Sunnfjord og kanskje Sogn. Både Flora og Vågsøy har prøvd å få til samanslåingar i sine regionar, men begge har stranda. Det er og ein del av historia at eit klart fleirtal både i Vågsøy og Flora har primært hatt ynskje om ein kystkommune. I lys av dette bør ikkje danninga av Kinn kommune vere noko stor overrasking. Kinn er eit svar på dei endringane som pressar seg fram overalt i samfunnet og som er ei utvikling Stortinget har vedteke. Færre og større kommunar som tek ei større rolle i samfunnsutviklinga.

Kystkommunen
er no på plass, på rekordtid. Vi har teke eit val fordi vi vil løfte kysten. Det er kontroversielt, det har utfordringar, men vi har valgt, og vi har turt å velje. Og ikkje nok med det, samarbeidet langs heile kysten av Sogn og Fjordane har truleg aldri vore betre enn no. Arbeidet med Strategisk plan for kysten har gjeve oss ein arena for å møtast regelmessig og diskutere og utvikle felles politikk. Arbeidet og satsinga er så viktig at også fylkesrådmannen ser behov for eit regionsenter på kysten etter påtrykk frå fellesnemnda i Kinn. Når til og med fylkesrådmannen definerer kysten som ein region, då bør vi kjenne vår besøkelsestid! Friluftsrådet som kommunane Solund, Askvoll og Flora danna, får no selskap av Bremanger og fleire vurderer medlemskap. Alt dette fører til ein ting, ein sterkare og meir samla kystregion.

Ein kystregion
som samarbeider tettare utløyser behov for betra kommunikasjonar. Kystvegen er eit godt døme både på samarbeid for både traséval og vegløyvingar. Med små nyansar stod kystkommunane samla bak kravet om ein kystveg, trasévalet og oppstartløyving på Svelgen-Indrehus. Men det krevde kamp heilt til døra. Vegselskapet, 45-minnuttsregionen Florø-Måløy, sin strategi vart vedteken i fylkestinget. Vi samla kreftene og vann fram! Men vi må nok erkjenne at samanslåingsvedtaket mellom Flora og Vågsøy gjorde det lettare å einast om både trasé og prioriteringar. Kommunesamanslåingsvedtak forpliktar lang sterkare enn slik enkeltkommunar forpliktar seg.
I dag jobbar fellesnemnda med å få på plass fleire båtruter mellom Florø og Måløy. Arbeidet skaper begeistring også i Bremanger som er avhengig av gode rutetilbud både til Måløy og Florø. Kinn ber allereie frukter.




 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags