«Unge, pene jenter som deg skal ikkje gå på slike medikament»

Av

Det skal ikkje vere slik at du må bevise kor sjuk du er for å bli trudd.

DEL

Meiningar

Eg har utbreidd fibromyalgi, og har slite med kronisk dårleg søvn sidan barndommen. Eg kan ikkje jobbe, og som mange andre som er kronisk sjuke, har eg svingingar og periodar med smerter som er så vonde at eg må liggje i fosterstilling og minne meg sjølv på kvifor livet er verdt å leve.

For å fungere så godt som mogeleg i kvardagen, treng eg smertestillande og sovemedikament. Likevel har eg opplevd gong på gong å bli fortalt at eg ikkje må tru at eg er sjuk når eg ber om hjelp og behandling. Det er eg for ung og pen til å vere.

Eg har vanskeleg for å sjå føre meg at dette er noko ein mann får høyre frå fastlegen sin. Kan det vere at det er store forskjellar på korleis kvinner og menn blir møtt hos fastlegen, kva behandling dei får, og korleis dei vert snakka til?

Mange medikament er lett avhengigheitsskapande, og ein skal ikkje få reseptbelagt medisin berre fordi ein ynskjer det, det skjønar eg. Men ein bør aldri nekte ein pasient medisin på bakgrunn av kjønn, alder eller utsjånad. At ein er jente og attpå «altfor pen» til å gå på medisin, er absurd og diskriminerande.

Det er diagnosen og behovet som bør vere grunnlaget for utskriving av medisinar til pasienten.

Eg har fått høyre at eg må tenkje positivt, gå til sengs tidleg, unngå mobil og få frisk luft. «Prøv gjerne antidepressiva, så går det nok over», fortel fastlegen. Eg er også blitt fortalt av psykolog at det er mitt ansvar å halde psyken min oppe når eg er fysisk sjuk, for så å bli sendt heim med ein avtale om at eg ikkje skal kome tilbake. Eg er altfor fornuftig til å vere der.

Det er då min feil om eg ikkje klarar å tenkje positivt, og eg skal ikkje få hjelp om eg treng det?

Etter å ha møtt tallause fastlegar, spesialistar, terapeutar, saksbehandlarar og psykologar er det merkeleg nok kvinner som diskriminerer verst. Når eg har bedt om hjelp, har eg fått til svar frå fleire legar at «unge, pene jenter som deg skal ikkje gå på slike medikament». Så viss eg vart oppfatta som stygg, dum eller gammal så hadde det vore greitt?

Her sviktar legar og fagpersonar i sin hippokratiske eid om å hjelpe pasienten uavhengig av utsjånad, alder, kjønn, religion og legning.

La meg rette opp i ei myte. Fibromyalgi rammar ikkje berre kvinner på 50 pluss. Vi er jenter, gutar, kvinner, menn, unge og gamle. Og heilt ærleg, det spelar ingen rolle korleis fastlegen synest vi ser ut.

Det er altfor mange jenter og kvinner som ikkje blir tatt på alvor hos fastlegen, og som blir sendt heim med resept på å tenkje positive tankar og gå tur i skog og mark. Slik skal det ikkje vere. Ærleg talt, vi sit ikkje på legekontoret og betaler 200 kroner for å høyre noko vi kan lese på ei pute.

Det slår hardt i magen å ikkje bli teken på alvor fordi utsjånaden, alderen og kjønnet ditt ikkje passar inn i boksen «sjuk». Men desse formene for diskriminering lever i beste velgåande i det norske helsevesenet.

Heldigvis har eg i dag ein god fastlege som lyttar på meg, og følgjer meg opp når det gjeld biverknader og dosering. Dessverre er det sjokkerande mange unge menneske som ikkje er like heldige som meg. Dei står fullstendig åleine med sjukdommen i møte med eit dømmande og uvitande helsevesen, som i verste fall kan gjere vondt verre.

Det skal ikkje vere så ille at du held på å ta livet ditt før du blir høyrd. Det skal ikkje vere slik at du må bevise kor sjuk du er for å bli trudd. Det skal ikkje vere forskjell på kva behandling du får ut ifrå kor pen eller stygg legen din synest du er.

Her sviktar legar og fagpersonar i sin hippokratiske eid om å hjelpe pasienten uavhengig av utsjånad, alder, kjønn, religion og legning.

Dette er noko eg har grudd meg til å snakke høgt om. Det er mange der ute som vil nekte for at diskriminering på bakgrunn av kjønn skjer i det norske helsevesenet i 2018. Men dette må vi faktisk snakke om.

Innlegget stod først på trykk i Bergens Tidende.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags