Tysdag 2. mai  var det offisiell opning av Sparebanken Sogn og Fjordane sine nye lokale i Byporten. Byporten er blitt eit flott prosjekt som har gitt det nødvendige løftet for området aust i Strandgata.
Taparen er Trovikkvartalet lenger vest i same gata.

Utbygging av Trovikkvartalet er eit krevjande prosjekt. Det skal skapast gode og funksjonelle lokale samstundes som ein skal ta omsyn til reguleringsplan og vernekrav.  Det er lagt ned mykje arbeid og pengar for å få dette til. Med alle krav frå det offentlege er det eit vanskeleg prosjekt å få i hamn økonomisk. Det krev leigetakarar som er villige til å betale ei forholdsvis høg leige.

Her var Sparebanken Sogn og Fjordane klar til å gå inn og ta eit ansvar for utviklinga av Florø sentrum. Vilkåret var at dei fekk selt sitt eige bankbygg.

Med Flora kommune inne som eigar eller leigetakar i bankbygget ville alt ha vore på plass. Alt låg altså til rette for ei utbygging av Trovikkvartalet, men fleirtalet av bystyrepolitikarane sytte for at det ikkje blei ein realitet. Prisen for kjøp den gang var ca 25 mill kroner, i tillegg kom innreiing for kommunal bruk.  Argumenta som blei brukt mot kjøp var at eit kjøp ville vere ei feilinvestering, at prisen var så lav at bygget måtte vere i dårlig forfatning, eller at banken ikkje meinte alvor.

Bystyret har no sett en ramme på 150 mill. til nytt rådhus. Det er ca 4 gonger meir enn kva bankbygget hadde kosta ferdig pussa opp. Eit av alternativa for Flora kommune no er å leige bankbygget!
Om dei landar på eit slikt vedtak, vil ikkje det gje ei sentrumsutvikling, som er skrikande nødvendig, det blir Status Quo.
Om så skulle skje, ligg framleis Trovikkvartalet i ei sørgeleg forfatning, og vedtaket om å ikkje leige/kjøpe bankbygget i 2015 vert om mulig endå meir tragisk.

Den utstrekte handa frå Sparebanken Sogn og Fjordane om å ta eit ansvar for sentrumsutviklinga valde politikarane, med Samlingslista og Arbeiderpartiet i spissen, å takke nei til.

Det kviler no et stort ansvar på politikarane i Flora. Utviklinga av Florø sentrum krev ansvarlege og rause politikarar som legg personstrid og partipolitikk til side. Hadde politikarane hatt den haldninga i 2015, hadde det vore opning av nye banklokale i Trovikkvartalet denne tysdagen i mai.

Alt låg til rette for ei utbygging av Trovikkvartalet, men fleirtalet av bystyrepolitikarane sytte for at det ikkje blei ein realitet.

Tore Jakob Madsen

Kva no?

I byggeløyvet frå fylkesmannen er det ei tidsramme på 3 år. Det er no gått 1 ½ år. Dersom det ikkje er sett i gang eit prosjekt innan 3 år, må prosessen starte heilt på nytt. Slike prosessar tek lang tid, 3-5 år er heilt normalt. Vi har altså ein tidshorisont på opptil 7-8 år. Då kan ein berre tenke seg korleis Trovikkvartalet vil sjå ut.

Dette skal altså eigar Stenbakk, innbyggarane i Flora og ikkje minst handelsstanden leve med?

Bør ikkje no Flora kommune sjølv ta ansvar for utviklinga i sentrum? Trovikkvartalet kan faktisk bli skreddarsydd som eit tenleg rådhus for kystbyen.