«Kva skulle vel eg med sosialhjelp, eg som hadde ein bil å selje?»

NAV-SKANDALEN: Kanskje arbeids- og sosialminister Anniken Haugli snart må oppsøke Nav?FOTO: Jan Richard Kjelstrup (CC BY2.0)

NAV-SKANDALEN: Kanskje arbeids- og sosialminister Anniken Haugli snart må oppsøke Nav?FOTO: Jan Richard Kjelstrup (CC BY2.0)

DEL

ByhjorthenTilbake på tidleg nittital, i førre hundreår, var eg i ein kort periode avhengig av sosialkontoret for å få pengar til livsopphaldet. Det var ikkje spesielt kjekt. Eg fekk først innvilga nokre kroner, ikkje mykje, men nok til at det gjekk rundt. Men plutseleg blei vedtaket gjort om. Støtta blei redusert, og i staden for pengar på ein rosa giro fekk eg ein rekvisisjon på mat på den nærmaste matbutikken. Med klar beskjed om at den ikkje kunne brukast på øl. Eg gjekk opp på sosialkontoret og spurte om kvifor dei hadde gjort dette, og saksbehandlaren min var meir enn villig til å forklare.

Årsaka til at han hadde bestemt seg for å gjere livet endå surare for meg enn det allereie var? Jau, han hadde sett meg køyre bil i sentrum. Hadde eg bil kunne eg vel selje den, ikkje sant? Kva skulle vel eg med sosialhjelp, eg som hadde ein bil å selje?

Det var sikkert rett at han hadde sett meg køyre bil. Ein gamal, skranglete bruktbil som ikkje var verd mange tusenlappane. Eg kunne for så vidt godt tenkt meg å selje den, det var ikkje det. Problemet var at det ikkje var min bil. Eg hadde lånt han. Det skulle tatt seg ut om eg selde bilen, og stakk av med pengane. Då hadde eg i beste fall fått juling. I verste fall hadde eg vel hamna i fengsel. Men då hadde jo sosialkontoret spart nokre kroner på livsopphald den stunda, i det minste.

Eg kan framleis hugse kjensla av sjokk og sinne over kor vilkårleg saksbehandlinga var. At ein person, nærast på eit innfall, kunne ta frå meg pengane på den måten. Eg kjende meg verdilaus. Bitte liten. Eg mista litt av trua på den norske velferdsstaten den dagen.

Den same kjensla har eg hatt denne veka, i opprullinga av Nav-skandalen. Den norske velferdsstaten, rettsstaten, har kasta fleire trygdemottakarar i fengsel på uriktig grunnlag. For Nav kunne ikkje regelverket. Ikkje domstolen heller. Trygdemottakarane hadde ikkje råd til god nok rettshjelp. Det er systemsvikt på alle nivå. Det er vanskeleg å fatte korleis det kan ha gått til. Det nyttar ikkje å skulde på feil i omsetjinga, hastverk eller spesielt vanskeleg jus. Brochmann-utvalet peika allereie i 2011 på at EØS-borgarar her rett til å ta med seg norske trygdepengar til eit anna land.

Den offentlege samtalen omkring dei svakaste av oss har hardna til dei siste 15–20 åra. Dei som er på trygd blir i stadig større grad snakka om som om dei er eit problem. Det har blitt viktigare å sørge for at ingen får noko dei ikkje har krav på, enn å sørge for at dei som treng hjelp frå det offentlege til å leve skal ha eit verdig liv. Det er små kutt heile vegen. Pengar til briller og tannregulering. Mindre pengar til fri rettshjelp. Støtta kommunane får til å hjelpe med kostnadane ved ressurskrevjande brukarar har blitt kutta fem år på rad. Og Nav har blitt ein utskjelt og hata mastodont av byråkrati, stivbeinte reglar og vanskeleg språk som mange slit med å navigere rundt. Eg trur eg tør å seie det: Norge har blitt eitt dritland for dei av oss som ikkje kan yte 100 prosent. At det er EU og EØS som står på den vesle mann si side i Nav-skandalen bør vere eit tankekors.

Om det er våre haldningar til dei trygda som er årsaka til justismorda og Nav-skandalen blir berre spekulasjonar, men eg trur det er ein del av bildet.

Tilbake til nittitalet. Etter å ha henta ut matvarer på matlappen min sette eg meg ned og skreiv eitt brev til sosialsjefen der eg forklarte kva som hadde skjedd. Det tok ikkje mange dagane før eg hadde fått ny saksbehandlar, nytt vedtak, og litt meir pengar å rutte med. Ikkje så lenge etterpå fekk eg meg jobb i den lokale platesjappa, og sidan då har eg ikkje trengd sosialhjelp for å overleve. Det blei vel folk av meg, på eit vis.

Dette var før Nav blei oppretta. I dag ville eg ikkje visst kven eg skulle skrive brev til, og det hadde uansett vore formelt feil måte å klage på. Det er ikkje alt som går framover her i verda.


Artikkeltags