Svar til ordførar Røys

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo Foto:

Ny kommune vil satse på kysten, seier Alfred Bjørlo.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Meiningar I intervju i Firdaposten 6/1 med Bremanger-ordførar Audun Åge Røys kjem det fram nokre merkelege påstander. I intervjuet er det snakk om "spelet om å danne ein storkommune i Nordfjord med general Alfred Bjørlo i spissen", og at eit tettare samarbeid i Nordfjord er eit "Venstre-spel" som vil vere katastrofalt for kysten.

Sidan Firdaposten på redaksjonell plass har brukt liknande retorikk, og dette tilsynelatande er noko fleire har fått for seg, ser eg det nødvendig å oppklare nokre enkle fakta.

1. Eid har i heile kommune-reformprosessen vore tydelege på at vi ynskjer ei samla løysing for Nordfjord. Det er ikkje eit "solo-spel" frå mi eller Venstre si side. Dette har tverrpolitisk støtte i Eid - inkludert Røys sitt parti Høgre. Det er lov å vere usamd, men det er ikkje eit "spel". Det er rett og slett det vi meiner.

2. Tilsvarande som Bremanger gjorde vedtak om å stå åleine i juni 2016, gjorde Eid vedtak om at dersom det ikkje vart samanslåing med Gloppen (Gloppen hadde på det tidspunktet sagt nei i ei folkerøysting), ville vi ha opne dører og sjå på moglegheitane til å danne større kommuner med alle våre naboar i Nordfjord. Også dette vedtaket var samrøystes - inkludert Røys sitt parti Høgre.

3. I slutten av oktober tok Selje eit initiativ overfor Eid for å starte forhandlingar om kommunesamanslåing. I Selje kommunestyre er ikkje Venstre representert - medan Røys sitt parti Høgre støtta initiativet.

4. Forhandlingane mellom Eid og Selje har vore ført mellom breitt samansette politiske forhandlingsutval. Politikarar frå Frp, Høgre, Krf, Venstre, Sp og Ap har vore med. Vi har arbeidd saman med stor respekt for kvarandre. Eg er rimeleg trygg på at markante og tøffe kyst-politikarar som Gunn Sande (Sp) og Anfinn Sjåstad (Frp) ikkje hadde latt seg lure av noko "Venstre-spel" med hensikt å øydelegge for kysten. Heller ikkje Røys sine partikolleger i Selje Høgre. Dette er ordkløyveri som ikkje tener det politiske ordskiftet.

5. Både Eid og Selje har vore tydelege på at vi gjerne vil ha Vågsøy (og for så vidt gjerne Bremanger) med i ei ny kommune - som då ville hatt eit folkemessig tyngdepunkt på kysten. Skulle det ikkje skje, er det likevel uforståeleg å hevde at ei ny kommune Eid/Selje vil vere ei "katastrofe" for kysten.

Heile intensjonsavtalen er gjennomsyra av eit sterkt kyst-fokus. Nærings-, utviklings- og planavdelinga i den nye kommunen blir lagt til Selje med særskilt vekt på kystnæringane, Stad Skipstunnel og Kystvegen blir prioriterte saker for den nye kommunen, vi vil arbeide for å styrke Måløy vidaregåande skule og det viktige marine/maritime kompetansemiljøet der med meir.

At ei ny kommune Eid/Selje med eit gjennomgåande kyst-fokus skal vere ei "katastrofe" for kysten, når Røys i same intervju seier at plassering av rådhus ikkje betyr noko, det framstår som mildt sagt underleg.

Eg vil oppmode Røys om å legge vekk denne type splitt og hersk-retorikk, og heller konsentrere seg om gode prosessar for å utvikle heile Bremanger i samspel med regionen rundt. Deler av Bremanger kommune har Nordfjordeid som sitt viktigaste senter og ferja Stårheim-Isane som sin "livsnerve". Eg blir som ordførar i Eid kontakta av mange i desse bygdene som seier at dei ikkje kjenner seg sett og inkludert i samferdsle-prosessane i Bremanger kommune - og ber om at Eid engasjerer seg sterkare for å ivareta deira interesser. Eg trur desse signala frå folk "på grasrota" i bygdene nord i Bremanger er viktig å ta på alvor.

Bremanger har alltid vore ein god og viktig nabo for Eid, og slik vonar eg det kan halde fram. Vi har full respekt for at Bremanger har gjort eit val i kommunereform-prosessen som ein meiner er det rette for kommunen sine innbyggjarar. Vi ber om same respekt attende utan å bli skulda for å drive "spel". Og interessa av ein sterk kyst med sterke kystnæringar har vi felles.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

Artikkeltags