Kjekt med matte i praksis

Byggopp- for elevane i 9.klasse ved Flora ungdomsskule. I regi av opplæringskontoret for byggfag.

Byggopp- for elevane i 9.klasse ved Flora ungdomsskule. I regi av opplæringskontoret for byggfag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Elevane må rekne ut, får bruke hendene, sage, tenke litt og skape noko sjølv. Slik vil byggebransjen rekruttere fleire fagfolk.

DEL

I denne og førre veke bygde niandeklassingane  på ungdomskulen i Flora sine eigne hus med liv og lyst i to dagar. Opplegget var ein del av faget utdaningsval og jobben blei gjort i verkstadhallen på Flora vidaregåande skule. Lærlingar og elevar frå bygg- og anleggsutdanningane, og folk frå lokale bygge- og anleggsfirma var med for å rettleie.

Bak opplegget står Byggopp Sogn og Fjordane.  Elevane får ei innføring i kva som må til for å byggje eit hus, med praktisk trening i å setje opp reisverk og kledning. Elevane jobba i grupper for å bygge kvart sitt hus- med ei effektiv byggetid på om lag sju timar til saman. 

Arne Skålvik, konsulent og prosjektleiar for småhus i Byggopp, fortel at dei vel ut skular i heile fylket til slike byggeprosjekt for å heve statusen til yrkesfag, og for å auke rekrutteringa til bygg- og anleggsbransjen.

– Dette er ein bransje som sårt treng ungdommen, seier Skålvik til Firda.

– Det har vore eit stort engasjement frå elevane og skulen si side. Her får dei bruke hendene, sage, tenke litt og skape noko sjølv. For mange elevar er det for lite av dette i skulekvardagen, og mange har sagt at dette er noko dei har sakna, seier Skålvik.

Byggopp- for elevane i 9.klasse ved Flora ungdomsskule. I regi av opplæringskontoret for byggfag, her ved Arne Skålvik (midten).

Byggopp- for elevane i 9.klasse ved Flora ungdomsskule. I regi av opplæringskontoret for byggfag, her ved Arne Skålvik (midten). Foto:

Han fortel at det er fangar i Ringerike fengsel som lager materialpakkane elevane brukar til husbygging, og dei har nok å henge fingrane i.

– I år er planen at det skal førast opp om lag 200–300 av desse husa berre her i fylket, seier Skålvik.

Kontaktlærar for 9A, Liv Byrkjeland, er ikke i tvil om at det har vore to uvanleg lystbetonte og lærerike skuledagar. 

– Eg trur opplegget er strålande for elevane, også for dei som ikkje har tenkt å bli handverkarar. Det verkar som om elevane set pris på å skape noko saman via praktisk arbeid.  Det var verkeleg god innsats av ungdommane og det vanka mange lovord for opplegget.

Artikkeltags