Yogyakarta-dokumentet og naive politikarar

Mindor Tonheim

Mindor Tonheim Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firdaposten 25.03.20 kan vi lese om at formannskapet i Kinn kommune nyleg gav moralsk og økonomisk støtte til Pride 2020 i Sogn og Fjordane. Dette er for tida ‘politisk korrekt’ og i tråd med utøvande politikk, både i storting og regjering, i Europarådet, FN osv. Det er ytterst få som tek debatten om den normoppløysande ideologien bak Pride, organisasjonen Fri, og den internasjonale LHBT-rørsla generelt (lesbisk, homofil, bifil, transperson). Når politikarar og andre aksepterer Pride, så er ideologien inkludert, den treff i dag samfunnet som ein tsunami i stor fart. -Eller handler det kanskje berre om at ‘kommunen skal vere for alle’ og at alle har krav på respekt? Det er jo ivareteke ved lov både nasjonalt og internasjonalt. Synleg for alle som vil sjå, er at vi i dag står overfor ein radikal, naturstridig, grunnlovstridig, familiefientleg og kristendomsfientleg kjønnsideologi, som politikarar på alle nivå tilsynelatande kort og godt har å godta, helst uten offentleg debatt.

Her spelar dei såkalla ‘Yogyakarta-prinsippa’ ein viktig rolle. I 2006 kom ei internasjonal gruppe kjønnsaktivistar og sjølvoppnemde menneskeretts-spesialistar saman i byen Yogyakarta i Indonesia for å forfatte desse prinsippa. Gruppa hadde ingen offentleg mandat. Arbeidet resulterte likevel i ei omdefinering av internasjonalt menneskerettar, som jo har basis i menneskeverdet, samvitet og fornuften. Det nye utgangspunktet for forståing og praktisering av menneskerettane skal heretter vere omgrepa seksuell orientering og kjønnsidentitet, slik vi m.a.ser det hos Fri og Pride.

Forfattaren Gabriele Kuby skriv i si bok ‘Den globale seksuelle revolusjon’ at Yogyakarta-prinsippa er eit angrep på samfunnet og et forsøk på global kuturell revolusjon. LHBT-rørsla brukar desse prinsippa iherdig for å endre folks og nasjonars forståing av menneskerettane, og for å presse nasjonar til å ta deira nøkkel-omgrep inn i alle relevante lovtekstar, uten analyse og offentleg debatt. (Her i landet har dette gått glatt inn i lovverket på utruleg kort tid.) Vidare blir det krevd at staten skal overvake samfunnet og halde ansvarleg dei som ‘krenker’ LHBT-personar, (t.d. ved å hevde andre meiningar og livssyn). ‘Dette innebærer i praksis en kriminalisering av meningsmotstandere’, og at ‘det totalitære samfunnet dermed er etablert’, skriv Kjell Skartveit i si veldokumenterte bok ‘Normløst’. Han seier vidare: ‘Den riktige konklusjonen blir derfor at Yogyakarta-prinsippene ikke handler om menneskerettighetene, men om privilegier til LHBT-bevegelsen på bekostning av andre menneskers frihet.’ - Kanskje det er på tide å vakne for nokon og kvar av oss -?

(Kjelde: ‘Normløst – hvordan radikal kjønnsteori erobret Norge’ av Kjell Skartveit, Dokument Forlag 2019.)


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags