Auken held fram for Florø lufthamn

Florø lufthamn

Florø lufthamn

Flyplassen hadde ein passasjerauke på over åtte prosent i november månad.

DEL

I oktober månad auka passasjertala i Florø med over 12 prosent. Også i november er det ein god auke, med over åtte prosent.

8.444 flaug til og frå Florø lufthamn førre månad. I tillegg kjem 2.545 reisande med offshorehelikopter til og frå Nordsjøen.

Førde, Sogndal og Sandane lufthamner hadde alle nedgang i november.

Sandane hadde 2321 passasjerar, ein nedgang på over ti prosent. Sogndal hadde 5354 passasjerar (-1,6), og Førde 7318 (-2,7 prosent)

Einaste med vekst i år

Med berre ein trafikkmånad igjen av året, ligg Florø også an til å bli den einaste lufthamna i fylket med vekst året sett under eitt.

Så langt i år flyplassen ein samla passasjervekst på tre prosent, Førde har -0,4, Sogndal - 8,7 og Sandane - 7,8.

Men med nesten 131.000 passasjerar totalt så langt i 2018, er Florø framleis langt unna rekordåra med over 200.000 passasjerar.

God regularitet

Florø lufthamn har også hatt ein regularitet på over 98 prosent både i november og så langt i desember.

I november var det ni innstilte avgangar/ankomstar, så langt i desember har det vore fire.

Artikkeltags