No blir det enklare å fly vidare

Widerøe

Widerøe Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Widerøe og Norwegian har inngått ein ny samarbeidsavtale som gjeld alle flygingane dei to selskapa har i Norge.

DEL

Den nye avtalen betyr at du kan bestille fly med dei to selskapa gjennom same system, og du kan få bagasjen din frakta frå det eine til det andre flyet. Det melder Nettavisen fredag morgon.

Avtalen omfattar mellom anna alle flyruter frå Sogn og Fjordane.

- Vi startar med innenriksflygingar. Vi har store forventningar til dette og er spent på responsen i marknaden, seier kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian til Nettavisen.

- Du vil kunne gå ei saumlaus reise med Widerøe frå til dømes Brønnøysund til Trondheim, deretter kan du fly vidare med Norwegian til for eksempel Oslo, seier han.

- Fleire tiltak

Widerøe gjer no fleire ting for å sikre at kundar på små stader skal ha eit godt tilbod, seier selskapet i ei pressemelding.

- Vi held fram det gode samarbeidet med SAS, opprettar nye direkteruter, og inngår samarbeidsavtale med Norwegian på kortbanenettet.

Avtalen skal gi Widerøe sine kundar større valmoglegheiter når det gjeld reiserute, tidstabell og pris.

- Gjennomgåande villettar vil gi kunden langt kortare reisetid. Minimum tid mellom avgangar vert redusert frå to timar til 30 minutt, untatt Gardermoen, der det blir 45 minutt, opplyser flyselskapet.

Bagasjen kan du sjekke inn heilt fram til bestemmelsesstad i Norge, og som passasjer vil du bli ivareteke om det skulle oppstå kanselleringar eller forseinkingar undervegs.

Bestille frå mars av

I første omgang betyr avtalen at Widerøe skal selge gjennomgåande billettar på sine nettsider. Billettane vert lagt ut for sal i første halvdel av mars. Mot slutten av året kan ein også bestille gjennomgåande billettar via Norwegian sine nettsider. 

Fram til no har berre SAS hatt avtale med Widerøe. Norwegian meiner at deira nye samarbeidsavtale vil bety konkurranse, lågare prisar og eit betre tilbod.

Artikkeltags