Morgonflyet til Oslo kansellert

Florø lufthamn.

Florø lufthamn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Widerøe har kansellert morgonflyet til Oslo måndag.

DEL

Søndag var 18.25-avgangen til Oslo kansellert, det var også ankomstane frå hovudstaden klokka 18.05 og 21.10.

Fleire som skulle til Florø måtte difor overnatte på hotell.

Widerøe har oppgitt «tekniske problem» som årsaka til kanselleringane.

Måndag ser det ut til at det berre er morgonflyet til Oslo som er råka av kansellering, ifølge Widerøe.no.

Også flyet frå Sogndal til Oslo er kansellert denne morgonen. Dette fordi flyet frå Sandane til Sogndal vart omdirigert til Oslo, melder Sogn Avis.

Tekniske problem

VG melde søndag at Widerøe har tekniske problem med ein stor andel av flyflåten.

Åtte fly stod då på bakken i nord, og selskapet rekna med store forseinkingar ut over måndagen.

– På torsdag fekk alle flya våre ei oppdatering av det elektroniske systemet, og vi har begynt å få feilmeldingar på dette i dag, sa informasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, til VG søndag kveld.

Feilmeldinga dukka først opp på fire fly, så fem, og seinare åtte. 

Men ifølge Solli var det berre flya i nord som var råka av denne aktuelle tekniske utfordringa.

Her kan du lese om dine rettar når flyet er kansellert:

Forbrukarrådet: Når flyet er innstilt

Artikkeltags