Widerøe skal regjere i lufta over Vestlandet dei neste fire åra

SMÅ ENDRINGAR: Ut av Røros, men beheld Vestlandet. Og ingen fotruteflyging mellom Førde og Bergen lenger. Slik blir kvardagen for Widerøe dei neste fire åra i Sør-Norge.

SMÅ ENDRINGAR: Ut av Røros, men beheld Vestlandet. Og ingen fotruteflyging mellom Førde og Bergen lenger. Slik blir kvardagen for Widerøe dei neste fire åra i Sør-Norge. Foto:

Widerøe vann vestlandsrutene, men tapte Røros.

DEL

Med unnatak av rutene mellom Røros og Oslo, er det Widerøe som skal trafikkere kortbanenettet i Sør-Norge fram til 2024.

Det blei klart tysdag, då Samferdsledepartementet kunngjorde kven som har vunne anbodskonkurransane i lufta for neste fireårsperiode.

Flyselskap i alle EØS-land blei invitert til å levere tilbod på drift av dei til saman sju rutene, og tre flyselskap leverte anbod innan fristen som gjekk ut 8. april. Dei tre var Air Leap, UAB DOT LT og Widerøe's Flyveselskap. Air Leap, som no tek over Røros-rutene, la også inn anbod på Førde-Oslo, men nådde ikkje opp i konkurranse med Widerøe. Widerøe på si side, baud på alle, men klarte ikkje å sikre seg Røros.

Dermed er det klart at Widerøe skal fly Sogndal-Oslo, Sandande-Oslo, Ørsta/Volda-Oslo, Ørsta/Volda-Bergen, Sogndal-Bergen og Sandande-Bergen. Mykje blir dermed som i dag, men ruta Førde-Bergen er som tidlegare meldt ikkje lenger ein del av fotrutenettet i neste fireårs konsesjonsperiode, som startar 1. april 2020.

Og Florø-rutene blir drive vidare på heilkommersiell basis.

Artikkeltags