Widerøe opnar direkterute til Liverpool

NY RUTE: No blir det berre ein kort flytur frå Bergen om du vil treffe Tage Herstad og kanskje også Liverpool-legende Bruce Grobbelaar.

NY RUTE: No blir det berre ein kort flytur frå Bergen om du vil treffe Tage Herstad og kanskje også Liverpool-legende Bruce Grobbelaar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den første direkteruta frå Skandinavia til Liverpool går frå Bergen.

DEL

Widerøe opnar ny rute mellom Bergen og Liverpool. 17. august går avsparket, fortel flyselskapet i ei pressemelding.

Skandinaviske fotballsupporterar får med dette ein raskare og enklare veg inn til hjartet av engelsk fotball.

Widerøe vil nytte sitt nyanskaffa jetfly på den nye direkteruta frå Bergen. Denne kjem i tillegg til dei tidlegare annonserte rutene til Hamburg, Munchen, Billund og Göteborg som startar denne sommaren.

– Dette veit vi blir tatt godt i mot av mange fotballglade vestlendingar. Vi har over tid hatt dialog med Liverpool John Lennon Airport (LJLA) om flyrute til Norge, og deler gleda over at Widerøe no opnar direkterute mellom Bergen og Liverpool. Liverpool er stor på fotball, men byen har jo så masse meir. Byen er også eit mekka for historie, musikk og shopping, seier Tore Hansen, dagleg leiar i Liverpool FC Supporters Club Norway.

Nytt jetfly

På dei to rundturane i veka mellom Bergen og Liverpool vil Widerøe nytte selskapets nye regionale jetfly, Embraer E190-E2 med 114 seter. Ruta er den einaste direkteruta til Liverpool frå Skandinavia. 

– Vi er veldig glade for at skandinavias største regionale flyselskap vel å opprette ei ny rute mellom Liverpool John Lennon Airport og Bergen, seier John Irving, administrerande direktør for LJLA.

Ruta vil gi passasjerar frå heile Nord-England lettare moglegheit til å besøke Bergen, samt vidare tilgang til fjordane og den populære cruisemarknaden derfrå. Samstundes opnar dette for at reisande frå hele Norge kan besøke Liverpool og den nord-vestre regionen av England via regionens raske, enkle og vennlege flyplass, seier han.


– Vi ser fram til å knytte Liverpool og Bergen tettare saman med vår nye rute. Eit mangfald av historiske opplevingar, imponerande arkitektur, shopping og musikk ventar våre passasjerar berre ein flytur unna. Regionen oser av fotballentusiasme og flyplassen er eit utmerka utgangspunkt enten du støtter byens heltar Liverpool FC, Everton FC eller nabobyens Manchester United FC og Manchester City FC, fortel kommersiell direktør i Widerøe, Christian Skaug.

– Gode nyheiter

– Vi har visst om dette ei stund, dette er ei god nyheit for alle vestlendingar. Og ikkje berre for Liverpool-fans, men for andre lag i nærleiken, som Manchester-laga, Leeds, med fleire blir det jo eit betre flytilbod, seier Tage Herstad, florøværingen som no driv eige hotell i Liverpool.

– Eg er veldig glad for den nye ruta, den hjelper jo oss, både personleg og hotellet. Det blir kjekt å få fleire folk over hit. Og det er heilt topp når vi skal sende ungane heim på sommarferie i Florø, seier Herstad til Firdaposten.

Han håpar den nye direkteruta vil gjere det billegare å fly mellom Norge og England. 

– Og det passar bra at dei har den tidlege avgangen frå Bergen til Liverpool fredag morgon. Det blir nokre fredagskampar i år, fortel Herstad.

Han trur ikkje det berre er fotballfans som vil nyte godt av den nye ruta.

– Eg trur ikkje det blir problem å fylle opp flya. Ein har jo ein del Beatles-fans som kanskje vil ta turen, her er gode shoppingmoglegheiter, og masse meir enn fotball.

Han er meir bekymra for om dei vil klare å fylle avgangane frå Liverpool til Bergen. Det var tidlegare eit problem for Widerøe-ruta som gjekk til Manchester, men som vart lagt ned.

– Så blir det interessant å sjå om dei held oppe ruta også utanom fotballsesongen. Flyselskap som Ryanair og Norwegian kuttar jo mykje av tilbodet om sommaren når det ikkje er fotballkampar i England, fortel Herstad.

Tage Herstad, her på Florø stadion.

Tage Herstad, her på Florø stadion.

Slik blir ruta:

Bergen-Liverpool fredagar kl. 06:45 ankomst Liverpool 07:30 
Liverpool-Bergen fredagar 08:05 ankomst Bergen 10:45 
Bergen-Liverpool måndagar kl. 19:35 ankomst kl. 20:20 
Liverpool-Bergen måndagar kl. 21:00 ankomst kl. 23:40 


Prisane er frå 699,- kroner ein veg, og ein kan allereie booke dei på Widerøe.no.

Artikkeltags