Widerøe-sjefens framtidsvisjon inneheld lydlause fly og bynære flyplassar

Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerøe.

Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerøe. Foto:

FLYTRAFIKK: Administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, ser føre seg dramatiske endringar i flybransjen om nokre år.

DEL

Han trur vi vil sjå noko heilt anna enn dagens tilhøve når vi nærmar oss midten av 20-talet, fortel han i tysdagens Sommerkvarter på NRK P2.

Sentrumsnære flyplassar?

Nilsen ser føre seg at ikkje berre flyteknologien, men også plasseringa av flyplassar endrar seg dramatisk. Han kallar luftfart for ein "veldig miljøvennlig transportform" i utgangspunktet, fordi den ikkje krev store miljøinngrep for å fungere. Widerøe inngjekk i fjor eit samarbeid med Rolls-Royce om å utvikle nullutslepssfly drivne på elektrisitet. Og det er desse Nilsen meiner er framtida for norsk luftfart.

Han peikar også mot USA og den teknologiske utviklinga ein ser der, kor det blir eksperimentert med droner og fly som tek av vertikalt. Lukkast dette, vil ein ikkje trenge lange rullebaner, og flyplassane vil krevje langt mindre areal enn dei gjer i dag. Då meiner Nilsen det vil vere mogleg å plassere dei nærare byane enn tilfellet er i dag.

–På sikt trur eg vi ser ei verd der flyplassane ligger nærare bysentra og lagar betre mobilitet enn det vi får ut av flybransjen i dag, seier han.

– Vil fungere betre på kysten

Assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt, TØI, Kjell Werner Johansen, kallar Nilsens visjon «spanande», men han trur likevel ikkje vi vil få sentrumsnære flyplassar i dei største byane - til det er det for mykje press på arealet i desse områda, meiner han. Andre stader i landet trur han desse tankane kan ha noko føre seg - som langs kysten. Stader med korte luftavstandar og lange reisetider på bilveg eignar seg best, meiner han, og anslår at elfly på desse strekningane kan føre til hyppigare avgangar og lågare prisar for reisande som bur og reiser utanfor dei store byane.

Men han fryktar at avgifter kan øydelegge for denne utviklinga. Han peikar på at dei særnorske miljøavgiftene har teke bort mykje av både resultat og kapasitet. På direkte spørsmål om han meiner at miljøavgiftene gjer det vanskeleg å drive miljøutvikling i flybransjen, svarar Johansen:

– Ja, heilt definitivt. Eg vil seie at alle dei tre flyselskapa (Norwegian, SAS og Widerøe) er svake finansielt. Eg er litt uroleg for korleis vi skal klare det store teknologiske løftet som kjem inn mot 2013.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken