FIRDA: Skal du reise med Widerøe i næraste framtid? Då må du hugse munnbindet.

For fredag melder nemleg flyselskapet at dei igjen vel å innføre obligatorisk krav om munnbind på alle deira flygingar.

Påbodet gjeld frå 4. desember, og er basert på stigande smittetal, myndigheitene sitt påbod om munnbind på kollektivtransport i Bergen og Oslo, og tilråding om bruk av munnbind i andre delar av landet, skriv dei i ei pressemelding.

Det er krav om medisinsk munnbind. Dermed strekker ikkje det heimestrikka tøymunnbindet til.

Barn under seks år er unnatekne frå påbodet.