Widerøe kuttar ruter i Florø

KUTT: Florø lufthamn får rutekutt både til Bergen og Oslo frå mai av.

KUTT: Florø lufthamn får rutekutt både til Bergen og Oslo frå mai av. Foto:

Dårleg lønsemd er årsaka, melder Widerøe.

DEL

Widerøe legg ned ruter mellom Florø og Oslo og Florø og Bergen. Det melder flyselskapet i ei pressemelding. Dermed unngår ikkje Florø kutt i tilbodet, trass i at flytrafikken til og frå kystbyen har hatt ein svært sterk vekst dei siste månadene.

Heile 40 prosent passasjerauke i januar

Det er auka avgifter over fleire år, samt dårlegare lønsemd som er årsaka, skriv Widerøe.

Rutekutta vil skje på følgjande stadar:

*Florø - Oslo: Avgang frå Florø 09:25 blir lagt ned torsdag og fredag.

*Bergen - Florø: Avgang 22:00 blir lagt ned onsdag, torsdag og fredag.

*Florø - Bergen: Avgang 06:30 blir lagt ned torsdag og fredag.

*Bodø - Evenes blir lagt ned.

*Andenes - Evenes blir lagt ned. Andenes - Bodø skal flygast direkte og via Stokmarknes. Antall avgangar Bodø - Andenes blir likt som i dag.

*Bodø - Svolvær: Avgang frå Bodø 06:50 blir lagt ned mandag og tysdag.

*Svolvær - Bodø: Avgang frå Svolvær 07:30 blir lagt ned mandag og tysdag.

*Bodø - Mo i Rana avgang frå Bodø 06:25 blir lagt ned torsdag-fredag. *Mo i Rana-Bodø: avgang frå Mo i Rana 07:15 blir lagt ned torsdag fredag.

*Tromsø - Vadsø: Avgang 10:25 frå Tromsø blir lagt ned søndag.

*Vadsø - Tromsø: Avgang 11:55 frå Vadsø blir lagt ned søndag.

*Tromsø - Alta: Avgang frå Tromsø 08:20 blir lagt ned alle vekedagar.

*Alta - Tromsø: avgang frå Alta 09:15 blir lagt ned alle vekedagar.

*Oslo - Hovden: Avgang frå Oslo 08:00 blir lagt ned alle vekedagar fra 1. april.

*Hovden - Oslo: Avgang frå Ørsta/Volda 09:25 blir lagt ned alle vekedagar frå 1. april.

*Tromsø - Hammerfest: Avgang frå Tromsø 16:20 blir lagt ned på måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

*Hammerfest - Tromsø: Avgang frå Hammerfest 17:20 blir lagt ned på mandag, tysdag, onsdag og torsdag.

*Direkteruta Oslo – Sandnessjøen blir lagt ned i oktober, november, desember, januar, februar og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul.

*Direkteruta Oslo - Brønnøysund blir lagt ned i oktober, november, desember, januar, februar og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul

*Direkteruta Oslo - Mo i Rana blir lagt ned i oktober, november, desember, januar, februar og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul.

*Direkteruta Oslo - Svolvær blir lagt ned i oktober og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul.

*Direkteruta Oslo - Leknes blir lagt ned i oktober og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul.

*Direkteruta Oslo - Namsos blir lagt ned i oktober, november, desember og mars. Opererast medio april ut september og i samband med påske/jul.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken