Widerøe kuttar endå ein gong, og utelukkar ikkje fleire kutt

WIDERØE: Kuttar i fleire ruter.

WIDERØE: Kuttar i fleire ruter. Foto:

DEL

Luftfarta er under press, internasjonalt og i Norge. Talet billettbestillingar er påverka av ein krevjande marknad og avgrensa reiseaktivitet som følge av Corona-frykt, og vi ser at mange kundar reduserer sin flyaktivitet. Det melder Widerøe i ei pressemelding. Widerøe ser seg derfor nøydde til å kutte 1500 flyavgangar fram til 31. mai. Dette kjem i tillegg til 4000 avgangar som blei annonsert kutta i februar.

– Vi kuttar 1500 avgangar på våre kommersielle ruter fram til utgangen av mai, fortel Christian Skaug, kommersiell direktør i Widerøe. Kutta er likt fordelt i tal på mellom innlands- og utlandsruter.

Ved Florø lufthamn gjeld det rutene Oslo-Florø/Florø-Oslo WF123 og WF124 torsdagar og fredagar frå 16. april.

Widerøe tar også fleire interne grep for å redusere kostnadene. Konsernet har innført tilsettingsstopp, investeringar blir utsett og den annonserte oppstarten av den nye ruta mellom Torp og Bromma utanfor Stockholm blir skuva til 1. juni.

– Anbodsrutene flys som normalt, men vi kuttar produksjon som går utover anbodskrava. Nedgangen i etterspørselen blir også merka på anbodsrutene, seier Skaug.

– Kutta gjeld førebels ut mai. Vi følger utviklinga fortløpande og situasjonen har endra seg betydeleg siste veke. Vi utelukkar ikkje ytterlegare kutt dersom utviklinga held fram, avsluttar Skaug.

Dei fleste kutta er allereie oppdatert i bookingsystema. Resten av endringane blir gjort fortløpande.

Kundar som har flybillett på avgangar som nå kuttast vil bli kontakta av staden der dei har kjøpt billetten. Dei vil få tilbod om endra reiserute og/eller avgangstid.

Artikkeltags