Widerøe har problem med tre fly. Det får konsekvensar og så langt er 17 Widerøe-avgangar frå Flesland denne veka kansellerte.

Måndag er ti flygingar kansellerte og tysdag er fem avgangar til førebels kansellerte. Onsdag er førebels to avgangar kansellerte.

– Det kan bli endå fleire kanselleringar, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Bergens Tidende.

Ho fortel at bakgrunnen er at flyselskapet har tekniske problem med tre av flya sine.

– Det eine flyet, eit jetfly, står fast i Trondheim etter ein bakkeskade. Vi må søkje om dispensasjon for å få floge det til Bergen, seier Solli.

I tillegg er det problem med to andre fly. Widerøe beklagar overfor alle ramma kundar.

– Dette er omfattande og vil berøre mange. Det er vi utruleg lei oss for, og er noko vi vil beklage sterkt. Vi vil snu kvar stein for å prøve å få ordna opp, seier kommunikasjonssjefen.

(©NPK)