Det er VG som fortel at eit Widerøe-fly som var på veg til Førde søndag måtte lande i Florø etter eit kraftig brak og trykkfall i kabinen, noko kommunikasjonssjef Catharina Solli bekreftar til avisa.

– Det var ikkje ei naudlanding, men kunne opplevast ubehageleg fordi vi hadde ei bråare nedstiging enn vanleg. Det er jo noko gale med flyet når slikt skjer, og då må vi la flyteknikarar sjå på flyet. Det har dei i Florø, difor landa flyet der, forklarar ho, og strekar under at det var ei hundre prosent kontrollert landing.

Det var 22 passasjerar ombord i flyet. Nokre av dei opplevde ubehag i øyra på grunn av trykket. Solli seier dei er leie for at passasjerane hadde denne opplevinga, og at dei ikkje kom seg til Førde.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim kan ikkje seie kva som var problemet, men stadfestar at flyet gjekk til Florø fordi Widerøe har teknisk base her. Ho fortel at ho har snakka med både Widerøe og tårnet på flyplassen som begge bekreftar at det ikkje var snakk om ein naudsituasjon.

– Dei valde å gå hit fordi det ville ha teke lenger tid å få teknikarar til Førde.