Widerøe åtvarar mot svindelforsøk

Av
DEL

Flyselskapet Widerøe åtvarar mot eit såkalla phishing-forsøk. Ein e-post som tilsynelatande er frå selskapet, er sendt ut til eit ukjent tal mottakarar.

E-posten er sendt frå epostadressen support@wideroe.no. I emnefeltet står det «Apple-konto informasjonen kredittkort XX-5126 har vært utløpt!»

– Første teikn til phishing-forsøk vart oppdaga klokka 03:45 natt til onsdag, fortel kommunikasjonssjef i Widerøe Catharina Solli. Ho ber mottakarar av e-posten om å ikkje opne e-posten, men slette den.

Selskapet fekk stoppa 6.000 av svindel-epostene som var på veg ut.

(©NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken