Westcon vil betale for utdjuping av leia no

Rådmann Knut Broberg og varaordførar Jan Henrik Nygård i Formannskapet onsdag.

Rådmann Knut Broberg og varaordførar Jan Henrik Nygård i Formannskapet onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Westcon og Flora kommune inngår samarbeid for å få forskottere ei ny utdjuping av leia inn til verftet i Florø.

DEL

I 2015 vart innseglinga til Westcon utdjupa, slik at større fartøy kunne gå inn. Men denne utdjupinga var aldri nok for at Westcon skal kunne konkurrere om å få større riggoppdrag.

Verftet har satsa store pengar på klargjering til slike jobbar, men kan ikkje konkurrere når innseglinga er for grunn.

Ei ny utdjupinga vart lagt inn i Nasjonal Transportplan i fjor, men prosjektet er ikkje aktuelt før i andre NTP-periode, mellom 2024 og 2029.

Vil forskottere

Onsdag vedtok Flora formannskap å inngå formelt samarbeid med Westcon om ei ny utdjuping. 

Flora kommune skal søke Samferdsledepartementet om løyve til å forskottere prosjektet, med 80 millionar kroner.

Samstundes fekk rådmannen fullmakt til å inngå samarbeidsavtale med Westcon Yards AS om gjennomføring av prosjektet.

– Westcon sender søknaden i dag, dersom Flora kommune vedtar dette i dag. Det er Westcon som vil sitte med den økonomiske biten, og ein eigen avtale mellom kommunen og Westcon regulerer at det er selskapet som har den økonomiske risikoen, fekk Flora formannskap opplyst onsdag. 

– Veldig god sak

– Dette er ei veldig god sak, som vi støttar, sa varaordførar Jan Henrik Nygård (V).

– Dette er kjempebra, veldig positivt, og det kan ikkje vente. Behovet er akkurat no. Av og til er det ein stor fordel å ha ein jurist som rådmann, så eg reknar med vi får på plass ein god avtale, med risikoen der den skal vere, kommenterte Frank Willy Djuvik (Frp).

Saka vart samrøystes vedteke i formannskapet. Tiltaket vert også støtta av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Flora Hamn KF.

Planen er ei utdjuping frå 16 til 19 meter, og auke breidda til 137 meter.

Bakgrunnen for at prosjektet kjem opp no, er at Stortinget gav i vedtak for 2018-budsjettet departementet fullmakt til å inngå avtalar om forskottering av midlar til fiskerihamner og farleier med ei samla ramme på inntil 350 mill. kr.

Kommunar og fylkeskommunar kan søke om forskottering, og søknadsfrist er sett til 16. mai for dei som ønsker å vere garantert ei søknadshandsaming om tildeling av forskottering i løpet av hausten inneverande år.

Artikkeltags