Ny verftsdirektør ved Westcon Yards Florø

Trygve Solaas blir ny direktør ved Westcon Yards Florø.

DEL

Trygve Solaas (f. 1962) kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør ved Havyard Ship Technology AS Leirvik, og tiltrer stillinga som leiar av Westcon Yards Florø den 1. mai.

- Eg ser frem til å bli ein del av Westcon-laget! Westcon Yards har posisjonert seg som ein offensiv og solid aktør i marknaden, og har gjennom mange år satsa tungt på investeringar på kompetanse og infrastrukturen i Florø. Det er ei bedrift med lange tradisjonar og som med sine fasilitetar er blant dei beste i landet. Dette er eit fantastisk utgangspunkt for gode leveransar til kundane og betydeleg auka aktivitet. Eg gler meg til å bli betre kjent med bedrifter og alle mine nye kollegaar, seier Trygve Solaas.

Trygve Solaas

Trygve Solaas Foto:

Solaas har med eit kort avbrekk vore tilsett i Havyard Group sidan konsernet overtok verftet i Leirvik i 2000, og hatt roller som verftsdirektør, prosjektdirektør, prosjektleiar og produksjonsleiar.

- Med sin kompetanse og lange erfaring, er Trygve rett mann til å utvikle potensialet som ligg i verftet i Florø. Marknaden er framleis krevande, men vi ser stadig antydningar til at pilene peikar noko oppover, sier Øystein Matre, administrerende direktør i Westcon Yards.

Westcon Yards har i tillegg til Florø, verftsfasiliteter i Ølensvåg, Karmøy og Helgeland. Selskaper er en del av Westcon Group, som leverer løysingar, tenester og produkt innan offshore, energi og maritim sektor.

Artikkeltags