Ny verft-sjef i Florø

Artikkelen er over 4 år gammel

Mikael Johansen tek over stafettpinnen etter Gustav Johan Nydal som toppleiar på Florø-verftet.

DEL

Mikael Johansen overtar som plassjef ved Westcon Yards i Florø etter Gustav Johan Nydal.

I eit allmøte måndag 2. februar blei dei tilsette ved Westcon Yards i Florø informert om at noverande driftssjef Mikael Johansen overtar som plassjef ved Westcon Yards i Florø etter Gustav Johan Nydal. Nydal, som har leia Westcon-verftet sidan 2011.

Han vil halde fram med å bistå Westcon i enkeltprosjekt i tida framover.

- Gustav Johan Nydal har gjort ein viktig jobb i å vidareutvikle og omstille verftet etter at Westcon overtok eigarskapet i 2013. Han fortener ein stor takk for sin innsats, seier Arne Birkeland, konsernsjef i Westcon Group, og legg til:

- Med kostnadskutt og oljeprisnedgang er det ingen tvil om at marknaden er krevande. Westcon ser framover, og er i ferd med å gjennomføre store investeringar i Florø for å posisjonere verftet endå tettere mot offshoremarknaden. I den vidare re-posisjoneringa ser vi eit behov for å sleppe nye krefter til, og vi er veldig nøgde med at Mikael Johansen overtar som plassjef etter Nydal. Johansen har jobba snart ti år i ulike roller ved verftet i Florø, før han i 2013 blei driftssjef i Westcon Yards i Florø.

- Mikael Johansen kjenner Westcon godt og vil bidra til å integrere verftet i Florø endå betre med dei øvrige selskapa i Westcon Group, seier Birkeland.

LES OGSÅ OM AVTROPPANDE DIREKTØR: Blir sjølvstendig næringsdrivande

Artikkeltags