– Kjem inn vika i åttetida

Boreriggen «Bideford Dolphin» kjem til å prege bybildet i Florø fram til oktober. I fjor låg den for anker her nord for Rotasundet for ettersyn og reparasjon.

Boreriggen «Bideford Dolphin» kjem til å prege bybildet i Florø fram til oktober. I fjor låg den for anker her nord for Rotasundet for ettersyn og reparasjon. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I kveld kan du få med deg eit spesielt syn.

DEL

For første gong på heile 28 år skal ein rigg leggast til kai i Florø. Det skjer søndag kveld, når boreriggen «Bideford Dolphin» legg til ved Westcon. Der skal den ligge til oktober, og kjem såleis til å prege bybildet det neste halvåret.

Viss du vil ha med deg det spesielle synet av riggen som kjem inn Florevika, kan du måtte smørje deg med tolmod.

– Vi er på lospunktet i tre-firetida. Vi har slep no med ankerhandler, og så skal vi kople om til andre slepebåtar etter at vi har passert Kvanhovden Fyr, på det punktet der det er 40-50 meter djupt. Det tar litt tid, så eg trur vi kjem til å segle inn Florevika i åttetida, seier Olav Rimmen. Han er ansvarleg for å ta riggen trygt inn til verftet.

Rimmen oppmodar folk til å sjå det spesielle synet frå land.

– Det går an å komme ut med båt og sjå, men eg vil ikkje oppmode folk til det, for det kjem ikkje til å vere plass til båtane, seier han.

HER kan du følge med kartet som viser kor boreriggen er i sanntid.

LES OGSÅ: For første gong på 28 år kjem ein rigg til verftet

1988 var siste gongen vi såg ein oljerigg til kai ved Ankerløkken.

1988 var siste gongen vi såg ein oljerigg til kai ved Ankerløkken. Foto:

Presisering: Ifølge Dolphin Drilling er suspensjonsperioden fram til første oktober, medan kontrakta med Statoil varer til januar. Etter dette vil kontraktsarbeidet kunne halde fram. Det er altså ikkje sikkert at riggen blit liggande ved verftet til januar, slik Firdaposten skreiv først.

Artikkeltags