Gå til sidens hovedinnhold

Volvo kallar tilbake 84.094 bilar på grunn av mogleg feil med setebeltet

Artikkelen er over 1 år gammel

Som eit «førebyggande tiltak» kallar Volvo Cars tilbake 2.183.701 bilar på verdsbasis. Av desse er 84.094 norske. Dette skal vere den største tilbakekallinga av bilar i Volvo sin historie. Det skriv E24 onsdag.

Årsaka til at dei kallar tilbake desse bilane, er eit mogleg problem med ein stålkabel i setebeltet i bilen sine framsete. Kabelen kan over tid, under «visse og veldig sjeldne omstende og bruksmønster», få sliteskadar og vil kunne føre til at den misser evna til å stramme seg. Men Volvo presiserer at feilen så langt ikkje har ført til ulykker eller personskadar.

Bilane som blir kalla tilbake er produsert mellom 2006 og 2019, og er av merka S80, S80L, V70, XC70, S60, S60CC, S60L, V60 og XC60. Tilbakekallinga gjeld ikkje bilar som er produsert i dag.

Eigarane av bilane som må reparerast vil bli kontakta, og vil få feilen reparert kostnadsfritt hos sin Volvo-forhandlar. Desse reparasjonane vil byrje allereie til hausten.

Kommentarer til denne saken