I morgontimane torsdag melder ein Firdaposten-tipsar om at eit vogntog har fått vanskar og står fast på Fylkesveg 614 i Magnhildskaret mellom Svelgen og Grov. Det skal ha danna seg køar i begge retningar.

Det blir meldt om klink is og vanskelege køyreforhold, særleg i det høgre køyrefeltet i retning Svelgen.

Elles er det særleg ferjetrafikken som har streva gjennom uversnatta. På eit tidspunkt var fem ferjestrekningar innstilt, inkludert Rv 5-sambandet Fodnes-Manheller. Det var vinden som utgjorde problemet for ferjene.

Onsdag kveld gjekk det også eit ras ved Årdal i Gloppen kommune på Fylkesveg 5734. Vegen blei opna igjen etter oppryddingsarbeid.