(Firda)

Vegtrafikksentralen vest melder at fylkesveg 614 er stengd ved Dalsetevatnet, mellom Isane og Svelgen. Grunnen skal vere at eit vogntog sperrar vegen.

– Vogntoget har stått der ut over natta, slik det ser ut. I loggen min står det at entreprenør har observert at føraren har lagt på kjetting, eller forsøkt å legge på, seier Stein Nestås, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen vest.

Siste oppdatering Vegtrafikksentralen har fått var klokka 06.15. Då sperra vogntoget framleis vegen.

Elles har dei fått melding om at det er glatt på fylkesveg 611, mellom Eikefjord og Stavang.

– Det skal vere slapsete snø på vegen, og meldaren etterlyste brøyting av vegen, seier trafikkoperatøren.

Klokka 12.30 vart vegen opna att:

Vogntog stengde veg i timevis med å prøve å sjølv komme seg frå staden

Har du bilde frå staden? Send det gjerne til oss på [email protected], eller send det enkelt her.