Eit vogntog har tysdag køyrt seg fast på fv. 614 Hornelsvegen i Bremanger, melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 11.34.

Det skal vere passasje i eitt av køyrefelta, men det er meldt å vere glatt på staden.

Entreprenør skal vere varsla og på veg til ulykkesstaden. Det er ikkje meldt om skadde.

I følgje Operasjonssentralen skal dette vere omkring 1 km etter Svelgen.

Oppdatering:

Klokka 12.50 melder politiet at traileren har komme seg avgarde, og at trafikken kan passere.

Entreprenør er send til staden for å strø vegen.