Vist bort frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

PODCAST: Kristian og Benjamin er tilbake med episode 11 av sin Tempo-podcast.

DEL

I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedokke, og tar bladet frå munnen for å dele ut nokre pisselunkne kraftsalver.

Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julaftan kjem kvart år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå førre episode.

Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i saumane, så om du er ein av dei som synest at både oppvask for hand, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers står fram som meir freistande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelarar, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip i løpet av evalueringsprosessen.

Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian visstnok har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har slette Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!

Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen.

Du finn podkasten på Spotify og andre podcasttenester ved eit søk på Firdaposten. Der finn du og eldre episodar, både av Tempopodden, og podkastane til Firdaposten. Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags