Rådmannen i Bremanger har sjekka ut påstanden til Flora-ordførar Ola Teigen i Firdaposten om at det konkurstruga Visit Fjordkysten har 300.000 kroner uteståande hos Bremanger kommune.

- Dette er direkte feil. Dei 300.000 kronene Ola Teigen viser til er truleg eit tilskot frå Fylkeskommunen til Hornelen-prosjektet. Og dette beløpet er etter det eg kjenner til kr. 375.000,- og er øyremerka tilskot til Via Ferrata i Hornelen. Det har ingen ting med med drifta av Visit Fjordkysten å gjere. Bakgrunnen for at Fjordkysten er inne i biletet-  er at dei hadde prosjektleiing for dette prosjektet på vegner av Bremanger kommunen- noko selskapet har fått betalt for, presiserer Joensen.

Han viser elles til at Visit Fjordkysten skuldar Bremanger kommune kring 200.000 kroner, som kommunen no har fått spørsmål om dei kan finne ei løysing på ved at kravet kan bli gjort om til eit lån. 

Foreslår strakstiltak for å berge Visit Fjordkysten