Annonsørinnhold i samarbeid med

Hva er dette?

 
 

Premium WiFi

Nett via kabel er det aller beste, forklarer Knut Olav Arnestad, som er dataingeniør og nettverkskonsulent i Enivest. Men han innrømmer at det er alt for tungvint for folk. For å møte kravet om ein enkel og rask nettkvardag har vi saman med EyeSaas, Universitetet i Oslo og AirTies utvikla eit produkt, som vi kallar Premium WiFi. Nettverkskonsulenten hos Enivest viser fram korleis den nye pakken med 3 boksar og ein app gir stabilt og raskt nettverk i heile huset.

Annonsørinnhold i samarbeid med

Full dekning i heile huset

Vi må ha nokre fleire punkt rundt om i huset for å få fullgod effekt. Den eine boksen pluggar du inn i modemet, og dei to andre plasserer du rundt i huset. Om du ønsker, kan du styre det heile enkelt og greitt frå ein app på mobilen din. Knut Olav viser AirTies appen som er på engelsk. Premium WiFi gir deg full dekning der du tidlegare knapt hadde kontakt med nettet ditt. Eg er superfornøgd med løysinga, og anbefaler det til alle som har meir enn ei etasje – og du treng ikkje vere dataingeniør for å bruke dette, presiserer Knut Olav. Du kan til og med få teste det ut i huset ditt, før du bestemmer deg. Vi tilbyr 2 veker ope kjøp. 

Klage på dårleg nett

Vi får ofte inn telefonar frå folk som seier at dei har «dårleg nett«, fortel Idun Samdal som sit på kundesenteret til Enivest. Oppgåva vår er å hjelpe folk til ein enklare og problemfri nettkvardag. Folk trur som regel at det er internettlinja inn til huset som er problemet, men vi ser at utfordringa i dei fleste tilfelle kjem frå det trådlause nettet. Difor har vi no kome opp med ei ny og betre løysing – Premium WiFi som set fart på nettet.

Fakta om Premium WiFi:

• For dei med meir enn ei etasje

• Lett å sette opp og styring via app 

• 3 boksar med saumlaus flytting (roaming) og optimalisering i huset 

• Support og service inkludert 

• 14 dagar ope kjøp før du bestemmer deg 

 Les meir på: www.enivest.no/premium-wifi

Møter motstand på vegen

Vi er vande med å bruke nettet på alle flater og til alle tider. Samtidig forventar vi at det trådlause nettet skal levere på topp – anten vi har 1 eller 4 mobilar, 2 eller 3 PC-ar og nettbrett eller for den del streamar film og musikk – og gjerne alt på ein gong. Fiberen sikrar folk høg fart inn til modemet, forklarar Idun. – Men det trådlause nettverket som går ut frå modemet møter mange utfordringar på vegen. Dermed får vi «dårleg nett». Teknologien har sine klare avgrensingar, seier Idun og viser til at storleiken på huset, rekkevidde, tal einingar som brukar nettet, plassering av modem og forstyrringar frå andre nettverk er avgjerande faktorar. 

5 smarte tips for betre WiFi

Slik kan du sjølv sikre deg betre kvalitet:

Plassering av modem

• Sentral og fri plassering, gjerne litt opp frå golvet.

• Vekk i frå elektrisk utstyr som TV, mikrobølgeomn og sikringsskåp.

Slå av WiFi der det ikkje trengst

• Slå av WiFi på ting som er sjeldan i bruk.

• Eldre mobilar, nettbrett og PC-ar tek mykje kapasitet.

Bruk kabel der det trengst

• Kabel er beste løysinga ved behov for høg kapasitet og stabilitet,

som t.d. streaming og store nedlastingar.

Oppdatert utstyr

• Hald einingane dine (mobil, nettbrett og PC-ar mm.) oppdaterte, slik at

utstyret verkar som det skal.

Bytt til Premium WiFi 

• Har du eit stort hus med fleire etasjar kan Premium WiFi

vere løysinga, for å få full dekning med trådlaust nett overalt.

Del artikkelen på Facebook