Annonsørinnhold i samarbeid med

Hva er dette?

 
 

No satsar Noregs beste byrå for innhaldsmarknadsføring for lokalt tilpassa innhald på Vestlandet

Brenn du for den gode historia som rører, engasjerer og påverkar atferd? Vi er på jakt etter ein kommersiell innhaldsprodusent i Bergen.

Annonsørinnhold i samarbeid med

Spray er eit kommersielt innhaldsbyrå med ansvar for innhaldsmarknadsføring i Amedia og Nettavisen. På grunn av auka etterspurnad søkjer vi no engasjerte medarbeidarar som vil medvirke til å styrke vår posisjon som Noregs beste byrå for lokaltilpassa kommersielt innhald.

Suveren historieforteljar

- No er vi på jakt etter ein suveren historieforteljar som samstundes har full kontroll på den journalistiske verktøykassa. Du kjenner Bergen som di eiga bukselomme, men har òg inngåande kjennskap til heile Amedias region Vest, det vil seie Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, sier Danny J. Pellicer, kommersiell innholdsleiar i Spray.

Søk på stillingen her

Amedia sine 64 aviser har ein unik posisjon i sine område. Det gjev eit fantastisk utgangspunkt for å fortelje engasjerende, nære og kommersielle historier både for lokale og nasjonale kundar.

Amedia sine titlar i denne regionen er Bergensavisen, Hardanger Folkeblad, Avisa Nordhordland, Kvinnheringen, Firda, Firdaposten og Tidens Krav.

Mye spennende

- Det hender så mykje spanande i regionen vår, og næringslivet etterspør andre produkt enn berre tradisjonelle annonsar. Vi har svært gode resultat med innhaldsmarknadsføring, og det kjem vi til å satse tungt på framover, seier Roger Myhr, salsleiar i Bergensavisen.

Er du den vi ser etter? Søk her

Du har stor respekt for klassisk lokalavis-journalistikk, og elskar krafta i ei godt fortalt historie med ekte, levande menneske. Du tenkjer som ein journalist, men elskar marknadsføring. Du kjenner på ein genuin glede når historiene dine gir gode resultat for kundane.

Uredd

- Du er uredd og ikkje av typen som sit rolig og ventar på instruksar. Du er innstilt på å løfte vår satsing på innhaldsmarknadsføring på Vestlandet til nye høgder, sier Pellicer.


Spray satser i vest.

Arbeidsoppgåver

Produsere kommersielt innhald. Det er viktig å meistre den klassiske avisartikkelen med tekst og foto, men vi er òg interessert i personar med videokompetanse

Utvikle konsept og innhaldsmarknadsføringskampanjar for kundar

Gjennomføre og publisere innhaldsmarknadsføring i Amedia sine kanalar

Delta i kundemøte med Amedia sine kunderågjevarar

Samarbeide med vårt nasjonale nettverk av innhaldsprodusentar

Noko reising må påreknast i Amedia sin region Vest

Ønskte kvalifikasjonar:

Redaksjonell erfaring frå mediehus

Relevant utdanning innafor journalistikk og/eller marknadsføring

Du er ein klassisk historieforteljar som enkelt ser den gode saka

Du er kreativ, men har òg stor gjennomføringsevne

Du er svært god skriftleg

Treng ikkje være fotograf, men ynskjeleg med kompetanse på foto og video

Kompetanse på moderne marknadsføring

Det er ein fordel om du meistrar nynorsk

Personlege eigenskapar:

Høgt arbeidstempo

Kreativ

Konkurransemenneske

Trivst med å arbeide i team

Sosial og omgjengeleg

Vi tilbyr:

Til den rette personen kan vi tilby ei utfordrande stilling i ein spanande bransje i vekst. Sjølv om Spray berre har ei stilling på Vestlandet, vil du arbeide tett på og saman med andre fagmiljø i Spray og kunderådgjevarar i våre aviser i Region Vest. Miljøet er prega av hyggelege og engasjerte kollegaer.

Spørsmål om stillinga: Danny J. Pellicer, kommersiell innhaldsleiar. Tlf. 48121205 Mail: danny.pellicer@amedia.no eller Ingrid Kvam, leiar content marketing. Tlf. 93650404 Mail: ingrid.kvam@amedia.no, 

Del artikkelen på Facebook