Annonsørinnhold i samarbeid med Bufetat

Hva er dette?

 
 

5 mytar om ungdom i fosterheim

Trudde du at ungdomar som flyttar i fosterheim er kriminelle, ruser seg og utagerer? Her er fire mytar som bommar – og ein som stemmer.

Annonsørinnhold i samarbeid med Bufetat

Myte nr. 1: Det er heilt feil at ungdom flest i fosterheim går heilt over styr.

Dei færraste er kriminelle, dei færraste rusar seg, og de færraste utagerer. Ein del ungdomar kan i periodar ha særleg behov for hjelp og støtte, og det krev ekstra innsats. Men mange av dei er eigentleg vanlege ungdomar. Dei treng mest av alt ein stabil og trygg heim, der nokon bryr seg og kan snakke med dei.

Sarah flytta i fosterheim då ho var 14, Remi då han var 13. Sarah røykte, stal, drakk og ga blaffen i skulen. Remi var på veg inn i narkotikamiljøet. Men med fantastisk hjelp frå fosterforeldra blei liva deira snudd. Difor har det gått bra med dei.

Det går bra med Jasmin også. Ho flytta inn hos Atle og Monica då ho var 15 år.

– Eg var redd for at dei ikkje skulle like meg, og at eg måtte flytte att. Men då eg kom, opna Monica døra med eit smil. Det var så avslappande. Vi åt taco, og det var skikkelig familiestemning. Eg kom veldig lett inn i familien, og det er eg veldig takksam for, seier Jasmin.

Jasmin, Sarah og Remi er døme på at det nyttar at fosterforeldre stiller opp. Sjå historiene deira her (teksten held fram under filmane).

Ungdomane treng nokon som har tru på dei

Ungdomar som treng fosterheim er ulike, akkurat som ungdomane som bur heime hos deg og meg. Men dei har mange av de same behova: Dei treng å bli møtt med respekt, forståing og støtte.

– Men dei treng også forventingar frå vaksne til at dei kan vekse opp og utvikle seg til å bli stabile og velfungerande menneske som meistrar skule og jobb. Dei treng at nokon har tru på dei og kan rettleie dei, seier Kjetil Aas i Fosterheimstenesta.

Nett no leitar Fosterheimstenesta i vest etter fosterheim til mange titals ungdomar i alderen 12 til 17 år. Du finn meir informasjon om fosterheimar på fosterhjem.no.

Myte 2: Jo eldre barna er når dei flyttar i fosterheim, desto større problem har dei.

Det er heilt feil. Alder er ikkje avgjerande for kor mykje hjelp og støtte eit barn eller ein ungdom treng. Det avgjerande er kva de har opplevd og korleis dei har takla det. Nokre barn og unge er meir robuste enn andre, uavhengig av alder. Med andre ord: Ungdomar kan vere lettare og dei kan vere meir krevjande å følgje opp enn små barn. Det varierer. Men det finst mange døme på at «krevjande» ungdom har blomstra etter at dei har flytta til ein fosterheim.

Monica og Atle har vore fosterheim i 14 år. Dei har teke imot fire ungdomar; alle jenter.

– Eg har aldri angra på at vi tok inn ungdomar. Ein av fordelane er at du veit meir om kva dei har i bagasjen enn når du tek imot små barn, seier Monica.

Else Gerd Dugstad, rådgjevar i Fosterhjemstjenesten, peikar på at nokre ungdommar har åtferdsproblem.

- Dette er eit uttrykk for at dei har det vanskeleg der dei er no. Åtferda botnar i frykt og låg sjølvkjensle. Huga at dette er ungdom som ofte er blitt svikta av vaksne. Difor vil dei ofte trenge litt tid før dei stoler på vaksne. Med trygge og gode rammer i ein fosterheim vil dette ofte endre seg, seier Else Gerd Dugstad, rådgjevar i Fosterhjemstjenesten.

Jasmin flytta inn til Monica og Atle då ho var 15 år. – Eg var redd for at dei ikkje skulle like meg, og at eg måtte flytte att. Men då eg kom, opna Monica døra med eit smil. Eg kom veldig lett inn i familien, seier ho.

Myte 3: Ungdom som treng fosterheim er gutar.

Det er feil. Det er nesten like mange jenter som gutar i tenåra som treng fosterheim. Jasmin er ei av dei. Som 15-åring flytta ho inn hos Atle og Monica.

– Eg trengde det verkeleg; å ha ein heim der eg kunne tenke at … no skal eg ikkje flytte att, seier ho.

Men det er ikkje uvanleg at fosterbarn uroar seg i den nye heimen sin.

– Eg tenkte at «Tenk om dei ikkje vil ha meg lenger.» Men uansett om det skjer ein konflikt, så ordnar det seg alltid, seier Jasmin. 

Frå Remi var 13 år fekk han vekse opp i ein trygg og god heim hos Olav og Rune. Dei sette tydelege grenser for han.

Myte 4: Fosterforeldre som tek imot ein ungdom forpliktar seg for kortare tid enn heimar som tek imot eit lite barn.

Endeleg ein myte som stemmer! Ein 15-åring er snart vaksen. Ein 5-åring er det ikkje. Du treng ikkje å fotfølgje ungdomar slik du må med 5-åringar. Forpliktinga er difor annleis og med større grad av fridom. Men uansett: Tek du imot ein ungdom, kan du få ein livslang relasjon til glede for både deg, resten av familien og ungdomen.

Monica og Atle har berre teke imot ungdomar, til saman fire jenter. Då dei to første jentene var på vitjing før de flytta inn for 14 år sidan, spurde den yngste kvifor dei skulle flytte inn hos ho og mannen.

– Eg svarte at eg alltid hadde ønskt meg mange barn, men at det ikkje var lett å få fleire. At dette var ein annan måte å få ein stor familie på. Jenta svarte «ja, men så fekk du meg. Eg er frisk som en fisk og søv som ein stein», minnest Monica med eit smil.

Myte 5: Å vere fosterheim for ein ungdom er krevjande og tøft.

Deler av tida er det nok tøft. Men det er også givande. Undersøkingar syner at de aller, aller fleste som har teke imot ungdomar svarer at «å vere fosterforeldre kan vere tøft, men det er verdt det.» 9 av 10 svarer at «Å oppleve positive endringar hos barnet» er ein av de tre beste tinga med å vere fosterheim.

– Jeg vil anbefale alle som vurderer å bli fosterforeldre til å ta i mot barn som er eldre enn helt små. Det har vi aldri angra på. Frå ti år og oppover har vi bare gode erfaringar, seier Monica.

Kjetil Aas, rådgjevar i Fosterhjemstjenesten, minner om ein annan fordel med ungdom.

– Ungdomar kan vere gode, interessante og morosame samtalepartnarar for oss vaksne. Dei kan ha interesser og fritidsaktivitetar som vi vaksne vil ha stor glede av å vere saman med dei om. Til dømes fjellturar, fotball, klatring, kajakk, mekking på bilar, etc. Dei kan også ha ein humor som du og eg synest er morosam, seier han.

– Dei ga meg den stabiliteten eg trengde, fortel Sara. Ho flytta i fosterheim hos Silvia og Jonas då ho var 14 år. I dag studerer ho medisin i Budapest.

Det hjelper å vere raus, ha humor og tålmod

Ungdomane treng trygge vaksne som er romslige både med dei og seg sjølve. Du må kunne ta dei inn i familien, vise han eller ho respekt, og akseptere at dei ikkje alltid treng deg på same måte som ein 5-åring. Du må kunne snakke med dei, møte dei på det som er vanskeleg, og tåle å bli avvist. Humor, storsinn og tålmod hjelper!

– At vaksne lyttar til meg, er viktig. Det er bra med vaksne som ikkje gir meg for mange reglar, men viser meg tillit innanfor dei reglane eg får, seier ungdomar til rådgjevarar i Fosterhjemstjenesten.

Jamvel få år i fosterheim vil kunne gje ungdomen eit heilt anna grunnlag for vaksenlivet enn det han ellers ville fått.

Akkurat no leitar Fosterhjemstjenesten i vest etter fosterheimar til fleire titall ungdomar i alderen 12 til 17 år. Fosterhjemstjenesten har regelmessig opne informasjonsmøter for dei som er interessert i å vite meir om fosterhjem. Du finn meir informasjon møta og korleis du kan bli fosterheim på fosterhjem.no.

Bufetat

Del artikkelen på Facebook