Kva er innhaldsmarknadsføring?

Innhaldsmarknadsføring er eit kommersielt annonseprodukt. Det betyr at det er ein kommersiell aktør som skaper innhald som er av interesse for personar som verksemda ønskjer å nå ut til. Til dette kjøper dei kommersiell marknadsføringsplass i nettaviser sine annonsevedlegg, skilt frå redaksjonelt innhald.

God innhaldsmarknadsføring gir lesarane ny kunnskap og gode opplevingar. Gjennom dette vert bygt ein relasjon mellom verksemda og lesaren, og omdømmet og profilen til verksemda vert utvikla. Innhaldet skal gi ein merverdi for lesaren, uavhengig av om ein ønskjer å føreta kjøp. Innhaldsmarknadsføring bruker tekst, bilete og eventuelt video som forteljarverktøy.

Kvifor innhaldsmarknadsføring?

For 100 år sidan var det kontroversielt at avisa trykte annonsar i avisa. Ved introduksjon var det for mange uvant. Sidan det gjekk tydeleg fram at annonsane ikkje var redaksjonelt innhald, vart dette ein viktig funksjon for lokalavisa av to årsaker. Det handla om at lokalavisa kunne utvikle ein arena som samlande torgfunksjon, ein arena som førte til at lokale næringsdrivande nådde ut til kundane sine med bodskapen sin. Derigjennom kunne dei skape grunnlag for verksemda si og lokale arbeidsplassar.

I tillegg utgjorde annonsane for avisa viktig finansiering av journalistikk, samtidig som redaksjonell uavhengigheit vart oppretthalden. Over tid har marknadsføringa utvikla seg på mange måtar, og særleg den digitale revolusjonen har opna for nye løysingar. Avisa vår ønskjer å utvikle seg med lokale annonsørar, og gjer dette ved å tilby marknadsføringsløysingar som gir annonsørane god effekt.

Innhaldsmarknadsføring er i ferd med å etablere seg som eit verknadsfullt marknadsføringsprodukt i både internasjonale og nasjonale medium. Gjort på rett måte er det vår oppfatning at dette er eit godt og viktig produkt som også lokale annonsørar skal få tilgang til.

Korleis ser vi skilnad?

Innhaldsmarknadsføring er eit reint kommersielt produkt. Redaksjonen i avisa vår har ingenting med dette å gjere. Derfor er det også viktig at lesarane ser og forstår skilnaden på redaksjonelt og kommersielt innhald. Kravet til slikt skilje vert tydeleg understreka i dei etiske retningslinjene for medium, kalla Ver varsam-plakaten, og særleg punkt 2.6.

Kommersielt innhald skal vere tydeleg merkt. Dette er hos oss gjort med merking på framsida, med ordet «Annonse» i biletet. Ved å klikke på saka kjem lesaren til ei side som er annleis i utforming. Toppen av sida er merkt med «Betalt innhald», og øvst i teksten ligg ei merking av at innhaldet er innhaldsmarknadsføring.

Å vere tydeleg

For avisa vår er det viktig at lesarane straks ser og forstår skilnaden på innhaldsmarknadsføring og ordinært redaksjonelt innhald. Akkurat som for 100 år sidan er den redaksjonelle integriteten og uavhengigheita til avisa særs viktig for oss. Dersom nokon opplever at skiljet og merkinga er utydeleg, vil vi høyre det så snart som mogleg. Det er viktig at lokalavisa kan tilby gode og effektive marknadsføringsprodukt, men vi vil ikkje la det svekkje truverdet vårt.

Lukk

Her får du gåvetipsa

Annonse frå AMFI Florø

Julaftan nærmar seg med stormskritt. På Amfi Florø hjelp vi deg med gåvetipsa!

Amfi Florø ligg midt i Florø sentrum. Her finn du 19 butikkar, tannlegekontor, frisørsalong og kafe.

Før jul har vi søndagsope kl. 14 – 18 og på kvardagane har vi utvida opningstid til kl 20.00.

· Nettsider: www.amfi.no/floro

· Facebook 

· Instagram: #amfifloro

· Mail: rolf.arne.rognaldsen@amfi.no

Julaftan nærmar seg med stormskritt og det er langt frå alle som er klar med alt som skal ordnast før den store dagen. Kaker skal bakast, hus skal vaskast, juletrefester, julebord, juleverkstad osv. Ein kan bli heilt utslitt berre av å tenke på alt ein skal rekke før jul.

Mange ville sett pris på å få litt hjelp for å gjere førjulstida litt mindre stressande. Vi tok difor ein tur rundt på Amfi-senteret for å høyre med dei som jobbar i butikkane kva dei vil anbefale til julegåver i år.

Bli med på runda då vel!

Kozmos:

- Den her løva meiner vi vil falle i smak hos mange born, seier Marianne Langedal på Kozmos. Borna kan temme løva for å få den til å bli ei sirkusløve. Den reagerer på 15 ulike kommandoar f. eks sitt, hopp, brøl osv. Borna kan halde sitt eige show for familie og venner i jula, smiler ho.

Norli:

- Vi har mange gode bøker på Norli, blant anna Yoyo Moyes «Etter deg» som er oppfølgaren til bestselgaren «Et helt halvt år». Boka er ei gripande historie om kjærleiken sine stryker og korleis dei vala vi tek, kan forandre våre liv for alltid. Elles har vi mange kjekke brettspel for heile familien, fortel Anne Marie Terøy

Gullfunn:

- Eit armband frå Thomas Sabo er den perfekte gåva til nokon du er glad i. Armbanda er inspirert av kjærleiksbrua med alle hengelåsane i Paris. Det som er ekstra flott er at du òg kan gravere armbanda for å gjere dei meir personlege, fortel Sije Elise Vold hos Gullfunn.

G- sport:

- Vi anbefaler Bergans sin Fjellrapp ull, som finst både til dame og herre. Du kan få den med rund og høg hals. Til dame er det Kari Traa, med sine fire forskjellige fargar i rose- ull som slår best an, seier Jeanette Strømsøy på G- sport. Både Bergans og Kari Traa er laga i 100 prosent merinoull, noko som gjer det til ei mjuk og varm julegåve

Sunkost:

- Malin Standal Fisher på Sunkost tilrår varme og mjuke tøflar i 100 prosent økologisk merinoull, både til born og vaksne til jul. – Elles så har vi mange flotte gåvepakningar med hudpleie i år, og det er jo eit godt tips, smiler Malin

Telenorbutikken:

- I år anbefaler eg smart-armband, seier Arne Hjort Johansen på Telenorbutikken. Det har verkeleg teke heilt av i år. Folk synest det er kjekt å sjå kva aktivitet dei har gjennom dagen. Trening er inn i tida så det her må vere den perfekte julegåva. Elles så har vi fått inn ei anna kul greie, fortel han. Linser som ein klyp fast på telefonen og som gir telefonen ein vidvinkel-effekt eventuelt makro eller fisheye – effekt.

New1:

- Eg anbefaler basicskjorter til han og henne. Dei passar perfekt både til kvardag og fest, samtidig som det er veldig fint å piffe opp ein kjedeleg genser med. Alle bør ha ein slik i graderoben, seier Elise Havn på New1

Princess:

- Desse badekåpene som vi har i butikken no er kjempemjuke og gode, fortel Tina Gulestøl på Princess. – Vi har dei til store og små, til dame og herre i fleire fargar og kvalitetar, blant anna fleece. Den perfekte julegåva til heile familien.

Vita Exclusive:

- Vi har mange flotte gåvepakningar, seier Anne Elin Bårdsen på Vita Exclusive og trekkjer fram gåvepakningane frå Lancome. Elles er det eit breitt utval i flotte gåveartiklar både til han og henne. Når du kjøper gåvepakningar får du fleire produkt med på kjøpet og dermed ein flott moglegheit til å prøve fleire produkt.

Cubus:

- Vi på Cubus har eit stort utval i undertøy og har BH-ar opp til str. G, fortel Renate Leirgulen Svardal. Vi har Cubus sin eigen kolleksjon, Triumph og Sloggi, så her kan ein finne noko for ein kvar smak. Alltid kjekt med nytt undertøy til jul.

Dittgavekort.no

Gåvekort på senteret er aldri feil. Då kan dei som får gåvekortet bestemme sjølv kva dei skal få til jul. Kortet kan brukast på 5000 butikkar og på nesten 100 kjøpesenter og over 60 hotell i heile Norge. Kortet får du kjøpt på New1 i 2. etasje.

Har du dyktige medarbeidarar du vil gje merksemt til i jula, er eit gåvekort ein god ide’. Send mail med bestilling til: rolf.arne.rognaldsen@amfi.no


God jul frå alle oss på Amfi Florø!

Redaksjonen i Firdaposten har ingen rolle i produksjonen av dette innholdet