Regjeringa har varsla at den såkalla 350-kronersgrensa skulle fjernast, og frå 1. april 2020 skal det betalast meirverdiavgift på absolutt alle sendingar til Norge.

– Det er viktig at vi får på plass et system for berekning og betaling av avgift ved privatimport som er effektivt, og som sørger for lågast mogleg gebyr for forbrukarane. Ordninga vi foreslår, er et godt svar på dette, seier finansminister Siv Jensen (FrP).

Større konkurransefordelar

Men det er ikkje Virke, hovudorganisasjonen for handels og tenestenæringa, einig i. I ein pressemelding seier administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen, følgande:

– Stortinget vedtok i fjor at 350-kronersgrensa skulle fjernast for å skape like konkurransevilkår. Då er det å føre både næringa og Stortinget bak lyset å foreslå å innføre tollfritak på handel med klede på beløp under 3000 kroner. No gnir utanlandske nettbutikkar, som Alibaba og Zalando, seg i hendene, for no får dei enda større konkurransefordelar i den norske marknaden på kostnad av norske arbeidsplassar og inntekter til staten.

Vibeke Kildal driv klesbutikken Vi: Ki i Strandgata, og i førre veke opna ho dørene for butikk nummer to på Amfi, også det i Florø. Då Firdaposten tek kontakt har ho ikkje fått med seg nyheita, men etter å ha fått forklart problemstillinga lurar ho på om regjeringa eigentleg veit kva dei driv med.

– Dette er absolutt ikkje bra for butikkane. Då kjem det nok til å bli enda fleire som kjem inn for å prøve kleda, og så går heim for å bestille dei på nett.

Må registrere seg

Det er ikkje regjeringa si hensikt å gje konkurransefortrinn til utanlandske nettbutikkar. Tvert i mot. Målet er å oppheve dei. Forslaget som blir innført var på høyring i sommar. Det betyr i praksis at utanlandske nettbutikkar – for eksempel Amazon, Alibaba eller Wish – får høve til å betale inn meirverdiavgifta på varene direkte til staten ved sal på opp til 3000 kroner. Kildal har i utgangspunktet ikkje den heilt store trua på den løysinga.

– Kven er det som skal passe på at dei faktisk betaler inn dei pengane?

– Det er akkurat det Virke også spør om.

– Eg tenker at her skyt dei seg sjølv i leggen. Politikarane tenker kanskje at dei skal tene meir pengar på denne måten, men det er ikkje greitt å tenke om det går ut over norske butikkar. Tenk på dei som eventuelt mister jobben. Om butikkane i Norge må legge ned på grunn av auka netthandel kjem staten til å tape pengar.

Ubegripeleg av regjeringa

Virke har den same bekymringa som Kildal. Dei trur ikkje utanlandske nettaktørar utan vidare kjem til å registrere seg i det norske MVA-registeret. Dei etterlyser tiltak i statsbudsjettet til å handheve den nye mva-ordninga. Om ikkje det kjem er dei redd for norske arbeidsplassar.

– Det er hårreisande at regjeringa med kunnskap og vilje vil gi utanlandske aktørar fritak frå norske regler. I praksis betyr dette at Zalando etter 1.4.2020 kan selje ei jakke som i dag kostar 3000 kroner, 321 kroner billigare. Skal norske butikkar selje til same pris, må de flytte arbeidsplassane til Sverige. Det er ubegripeleg at regjeringa med dette bidrar til å flytte arbeidsplassar ut av landet, seier Kristensen.