– La galskapen rå

Snø eller asfalt, det spelar ingen rolle. Skistafett blir det uansett. Her ser vi ordførar Ola Teigen i aksjon under fjorårets «VinterFlora».

Snø eller asfalt, det spelar ingen rolle. Skistafett blir det uansett. Her ser vi ordførar Ola Teigen i aksjon under fjorårets «VinterFlora». Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er oppmodinga til Barbro Furset og Per Øyvind Helle når dei også i år arrangerer Florameisterskap i leik.

DEL

I februar i fjor gjekk den aller første «VinterFlora» av stabelen. 28. januar skjer det igjen, og er det noko florøværingane er gode på, så er det å ha det moro. Det er arrangørane Barbro Furset og Per Øyvind Helle i Byen vår Florø, samde om:

– Det er utruleg viktig å leike. Og så er det jo ganske dødt i byen i januar – då er det kjekt at vi kan lage litt liv i gata, seier dei.

Spikarfeste på skia

Det heile skal skje på Torget i Florø, og i år kan du og laget ditt hevde deg i følgande greiner: «spikarslåing i stubbe», «fiskestongkasting på flatmark», «styltestafett» og sist men ikkje minst: «skistafett». Sistnemnde aktivitet går føre seg i Strandgata og i år som i fjor spelar det liten rolle om det ligg snø på bakken eller ikkje. – I fjor var det SFE Nett som stakk av med sigeren og ein av grunnane til at dei vann var at dei hadde spikarfeste på skia. Så det må vere det heitaste tipset eg kan gje om snøen uteblir, smiler Helle.

Vil pokalen bli ståande hos fjorårsvinnarane SFE Nett? Det får vi svar på i slutten av januar.

Vil pokalen bli ståande hos fjorårsvinnarane SFE Nett? Det får vi svar på i slutten av januar. Foto:

Fiaskoprisen

Under fjorårets «VinterFlora», eller «Florameisterskap i leik» som det heiter på folkemunne, var åtte bedrifter med på moroa. I år håpar Furset og Helle å sjå både vennelag og bedrifter i skjønn foreining. Kreative kostyme skorta det heller ikkje på i fjor, og dei håpar å sjå den same galskapen i år.

– Ein favoritt frå i fjor var heilt klart samekostymet, så vi er spente på å sjå kva som dukkar opp i år, fortel dei.

Og du går ikkje ulønt heim om du gjer som dei seier, for her vankar det premiar for både det eine og det andre:

– I fjor kåra vi mellom anna sjarmprisen og fiaskoprisen, men vi er opne for å lage nye kategoriar undervegs i konkurransen, seier Furset og oppmodar folk til å vere kreative.

Afterski

Når du har leika deg ferdig på dagtid, må du ikkje tru at det er over. På kvelden arrangerer dei nemleg «afterski» på Haavebua. Festen er open for alle og dei vil skape skikkeleg afterski-stemning. Det blir DJ, mat og viktigast av alt: prisutdeling.

– Vandrepokalen står for tida hos SFE Nett, så det blir spennande å sjå om den blir verande der. Det er faktisk ganske prestisjefullt å bli Florameister i leik, avsluttar Helle.

Fristen for å melde seg på leikane er 10. januar.

Artikkeltags