Motsvar til Jørgen Næsje m.fl. sitt lesarinnlegg: – Vindmøllene må gjerne vere der når vi flytter heim

Hjarteleg velkommen i debatten, ungdommar. Dagen før det store valet til kommunestyret. Eit val som de meiner politikarane må tenke seg nøye om før dei eventuelt takkar nei til. De støttar utbygginga og argumenterer for at dette vil verke positivt med tanke på tilflytting og økonomi, og at dei fleste unge i og frå bygda eigentleg er positive til utbygginga. Nja, sanninga er, at mange, spesielt oss unge, er negative til dette prosjektet. Og korleis de har fått føre dykk noko anna er for oss eit stort spørsmål. Når ein ser på argumenta de kjem med, kan ein tydeleg sjå at de ikkje har sett dykk godt nok inn i saka.

Å seie at det visuelle aspektet ved vindturbinane er den einaste drivkrafta for oss som er i mot, er ein vits. Jo, det visuelle aspektet ved vindturbinplanane på Steinfjellet har ei betyding for oss når vi i framtida skal vurdere om vi vil flytte heim, men argumentet føyer seg inn i ei lang rekke av argument for kvifor kommunestyret bør gje eit tydeleg nei.

Vindturbinpark på Bremangerlandet er ikkje eit steg mot eit grønare Bremanger

Vi er alle einige i at Bremanger skal vere ein grøn kommune, men vi meiner at dette må gjerast på rett måte. Det skal ikkje gå på kostnad av urørt natur, dyreliv og trivselen til å fortsetje å bu her. Det at vi produserer meir energi og øydelegg urørt natur er ikkje eit steg i ei grønare retning. Spesielt ikkje når ein skal plassere vindturbinane i eit stort myrområde. Utbygginga vil føre til store utslepp av Co₂ og svekke naturens eiga evne til å binde karbon naturleg. Myrene samlar også nedbør og er med på å dempe flaum. Å dempe flaum vil ikkje bli mindre aktuelt med åra som kjem, når vi ser at klimaendringane vil føre til at Bremanger får auka nedbør.

Vindturbinparken vil ei heller vere berekraftig. Den vil ta frå komande generasjonar moglegheita til å kunne nytte seg av den fine naturen vår. Den vil øydelegge dyrelivet og naturmangfaldet. Plasseringa av vindturbinparken er midt i ruta til fugletrekk av nasjonal betyding. Ein må ikkje gløyme at naturen er til låns.

Vi er lei av at folk skal trekke «miljøkortet» i ei sak som absolutt ikkje er i samsvar med ei grøn framtid, men heller med økonomisk gevinst. Kva med å innsjå at Noreg er eit vasskraftland og Bremanger er ein vasskraftkommune? Fleirtalet av vasskraftanlegga til SFE ligg nemleg i Bremanger kommune. Og her er det framleis eit enormt potensial, der ein slepp store nye naturinngrep.

Turisme er svært viktig næring ein kommune som Bremanger.

Naturen i Bremanger tiltrekk seg enormt med turistar. Fjellturar i urørt natur i Bremanger som til dømes til Vetvika, og den flotte turen frå Oldeidsmannen til Veten er perler som vi må ta vare på. Denne naturen har sin eigenverdi og turistar reiser langt for å oppleve dette. I lesarinnlegget til Magne Elde frå tysdag 15.12 skriv han; «I dag blir området rundt Steinfjellet størsteparten av året nytta av dei få, med lettare tilgjengelegheit vil dette området kunne bli nytta av mange, mange fleire». Tydelegvis har ikkje Elde vore heime denne sommaren. Rekordmange turistar har vore i Bremanger denne sommaren, og gått turen til Vetvika. Turistane er skrekkslagne når dei høyrer om utbygginga som er tenkt i dette området. Vetvika er også ein attraksjon på haust- og vinterhalvåret for surfing. Dette vert truleg ikkje mogleg ved utbygginga av vindturbinparken. Ein må hugse på at turistane kjem til Bremanger for å oppleve naturen her. Dei kjem ikkje for å sjå vindturbinparkar, grusvegar på ein fjelltopp og rasert natur.

Vindturbinpark på Bremangerlandet er ikkje kompatibelt med å få oss unge til å flytte heim.

Tilflytting er viktig for kommunen, det er vi einige i. Ein vindturbinpark derimot vil ikkje føre til auka tilflytting, men heller det motsette. Folk flyttar til Bremanger fordi dei har familie her, og fordi ein får ein slags ro som ein ikkje får andre stader. Naturen er igjen nøkkelen. Tek de den frå oss, tek de samstundes frå bygda eit privilegium som vi er så heldige og ha, og som vi ønskjer å overrekke komande generasjonar. Vårt svar er enkelt; Vi flyttar ikkje heim dersom Bremangerlandet Vindpark blir bygd ut.

Vi har tillit til at politikarane held ordet, og stemmer nei til vindkraft på Bremangerlandet. Hugs at ungdommen er framtida.

Innlegget er støtta av: Inger Nesbakk, Kine Sundsøy, Amalie Varpe, Viviane Grotle, Amanda Nesbakk, Martine Nesbakk, Amanda Nygård, Isabell Hauge, Maria Igland, Robin Eikeset, Dorte Svarstad, Halvor Nesbakk, Andrine Varpe, Mathias Hammersland, Leif-Erik Senneset, Vidar Senneset, Anders Igland, Oliver Igland, Sarah Nygård, Ruben Skinlo, Maiken Hausle, Sarah Grotle, Alise Klungreset, Amalie Terdal, Sandra Bakke, Kristoffer Silkebækken, Aleksander Grotle, Sofie Nigardsøy, Christian Sundsøy, Susanne Førde, Sanna Nesbakk, Kristoffer Svarstad, Nora Klungresæter, Kristoffer Lågeide, Birgitte Nesbakk, Emil Igland, Petter Haugland, Simen Hamre, Iselin Hauge, Johanne Nyborg, Eirik Ask og Malin Hoddevik Hauge.