NVE trugar med å stogge vindturbinane

FORSTYRRANDE: Dei som bur i Berle, og har RiksTV, opplev at TV-signala blir forstyrra av rotorbladene på vindturbinane på Marafjellet.

FORSTYRRANDE: Dei som bur i Berle, og har RiksTV, opplev at TV-signala blir forstyrra av rotorbladene på vindturbinane på Marafjellet. Foto:

Vindkraftselskapet Falk Renewables Wind har fått tre veker på seg til å ordne TV-signala til folk i Berle.

DEL

Det er NRK Vestland som melder dette i dag. Det er i brev til vindkraftselskapet at at NVE kjem med ein tydeleg frist til å rette opp i problema. Det var i førre veke at dei sende brevet der NVE kjem med eit tydeleg ris bak spegelen.

– I samband med konsesjonsbehandlinga vart det vurdert som lite sannsynleg at radio- og TV-signala ville verte påverka. Men vi sette som vilkår om dersom det likevel syner seg å vere eit problem på eit seinare tidspunkt, skal det setjast i verk tiltak, seierungerande seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes i NVE til NRK.


Artikkeltags